Kva er berekraftig forbruk

Eit generelt lågare forbruk og fleire berekraftige val må til for å redusere belastning på jorda og naturen. I denne tabellen finn du nokre døme på meir berekraftige val.
Bruk døma i tabellen over og tenk igjennom ditt forbruk av varere og tenester. Dette er ei god øving som hjelpe deg til å ta val som har minst mogleg negativt miljø- og klimafotavtrykk. Det er som regel også det som er best for lommeboka og helsa til deg og dine.

Meir om berekraftig forbruk

Berekraft tek omsyn til både miljø, sosiale aspekt og økonomisk berekraft, og er det som gir minst belastning på menneske, dyr, miljø og natur. Eit berekraftig forbruk handlar om å gjere dei små og store vala vi tek i kvardagen, mest mogleg natur-, miljø- og klimavennlege.

Mange av dei utfordringane vi ser i dag med naturtap, tap av artar og klimaendringar, kjem av overforbruk av jorda sine ressursar og tap av naturareal. Naturen klarer ikkje å fornye seg like fort som vi bruker han.

Kvart år måler Global Footprint Network verda og landa sin overforbruksdag. I 2024 var den internasjonale overforbruksdagen 1. august. Dagen då vi globalt har brukt opp jordas fornybare naturressursar for 2024. Noregs overforbruksdag ligg i toppen og var allereie 12. april. Viss alle menneske på jorda skulle hatt same forbruk som ein gjennomsnittsnordmann, hadde vi trengt 3,6 jordklodar med naturressursar.

Graf - overforbruksdagen 1971 - 2024Verdas overforbruksdag kjem tidlegare og tidlegare, sidan målingane byrja i 1971. Raude felt viser overforbruket globalt (Skjermdump frå Global Footprint Network).

Å gjenbruke ressursar vi allereie har teke ut er ein viktig del av berekraftsprinsippet. Alle val vi tek påverkar nemleg noko eller nokon i større elle mindre grad. No eller i framtidaÅ velje meir av det som gir minst negativ påverknad på jorda er noko vi alle kan gjere.

Eit meir berekraftig forbruk får vi ved klare oss med mindre. Leige, låne eller dele framfor å kjøpe. Kjøpe brukt og gjenbruke i staden å kjøpe nytt. Forbruke med minst mogleg miljøgifter og skadelege kjemikaliar, og kjøpe kortreiste produkt. Kjøpe ting med lengre produktlevetid når du må kjøpe nytt, og reparere i staden for å kaste.

Svaret er ikkje alltid gitt. Skal du til dømes velje norske tomatar som krev mykje energibruk, sidan drivhus treng oppvarming, eller økologiske tomatar frå Spania som treng lite energibruk, men mykje transport? Her kan svaret kanskje vere å dyrke meir sjølv utan ekstra energibruk, når det er sesong for det. 

Ni grunnar til å ta fleire berekraftige val

Å ta fleire miljø- og klimavenlege krev at du tillegg deg nye vanar og blir meir klar over dine val. Nokon kan meine at det ikkje nyttar kva «eg» gjer. Anten fordi naboane ikkje gjer det eller fordi det dei meiner det er dei store ting vi må ta fatt i.

Men det er heilt feil. Det er nettopp summen av kva vi alle gjer som gjer utslag og endringar. Som enkeltperson kan vi som regel ikkje gjere noko med oljeutvinning eller lover og reglar, men vi kan gjere noko med vala våre. Mange gongar om dagen. Kvar einaste dag. Det er det som kan skape endring i samfunn.

1.    Betre for dei som skal leve her etter oss. Har du barn eller barnebarn er det vel neppe noko som er viktigare enn å sikre dei ei god og trygg framtid, med tilgang til dei ressursane vi sjølv har. Dine val kan bidra til det. Miljøvennlege val tek også meir omsyn til menneske generelt, same kvar i verda dei bur. Vi bur nemleg på same klode, der alt heng saman.

2.    Økonomisk gevinst. Ofte kan ei miljøvennleg tilnærming spare deg for mykje pengar. Spesielt over tid. Det kan stundom krevje ei investering, som ei varmepumpe, som over tid sparer deg for mykje straum. Eit lågare forbruk og meir gjenbruk sparer også mykje pengar.

3.    Betre for helsa. Miljøvenlege val er som regel også meir helsevenlege. Som giftfri og økologisk mat, å gå framfor å køyre til jobb eller el-bil framfor dieselbil, så ein unngår skadelege direkteutslepp. Alle er døme på val som er betre for helsa og miljøet.

4.    Du påverkar andre. Når du tek eit miljøvenleg val, kan du umedvite påverke og inspirere andre til å gjere det same. Det blir kalla ringeffekten av miljøvenlege val. Plutseleg kan fleire hundre ha teke det same valet som deg. Men det får du aldri vite. Motsett viss du gjer som før, skjer inga endring eller forbetring for miljøet, hos deg sjølv, eller dei som kunne vorte påverka.

5.    Meir dyrevennleg. Det er ofte meir dyrevennleg å ta fleire miljøvennlege val. Som eitt lågare kjøttforbruk, ete økologiske produkt der det blir stilt krav om tilgang til uteareal, eller ete villfanga fisk framfor oppdrettsfisk.

6.    Betre for naturen. Det er opplagt betre for naturen å velje meir miljøvennleg. Når det er betre for naturen er det betre for vårt eige livsgrunnlag.

7.    Betre for artsmangfald. Forureining, forsøpling, klimaendringar, arealtap og naturtap bidreg til det største tapet av artar vi har sett sidan siste masseutrydding for rundt 65 millionar år sidan, då dinosaurane døydde ut. Den sjette masseutryddinga, som vi er i no, er i hovudsak forårsaka av menneskeleg aktivitet og fører til at artar av plantar og dyr døyr ut fort i stort omfang.

8.    Du bryr deg. Å ta fleire miljøvennlege val speglar at du bryr deg. Du bryr deg om kva dine val påverkar og resulterer i. Våre val kan ha ein negativ eller positiv effekt på natur, miljø, klima, menneske og dyr. Med bevisste val kan du påverke meir positivt.

9.    Vi kan heldigvis alle gjere noko. Sjølv om vi ikkje kan gjere alt kan vi alle bidra. Byrj ein plass og ta eitt steg om gongen. Det kjennest godt å bidra til ei litt betre verd, eit val om gongen. 

«Never doubt that a small group of thoughtful, committed citizens can change the world; indeed, it's the only thing that ever has.» - Margaret Mead

Ta val på naturens premissar

Fleire av dei vala vi tek må vere på naturens premissar, så vi ikkje øydelegg det grunnlaget vi alle må ha for å kunne leve her. Eit berekraftig forbruk kjem dagens behov i møte utan å forringe. Eit lågare forbruk som også er meir miljøvennleg er løysinga. Jo fleire vi er som bidreg jo betre for oss alle.

I ein rapport frå Naturvernforbundet og Sintef, «Consumption-based effects on land use and biodiversity», blir det konkludert med at samanhengen mellom forbruket vårt i kroner og tap av artar er sterk på mange område. Jo meir vi kjøper, jo mindre blir artsmangfaldet, viser rapporten. Éin nordmann bruker i gjennomsnitt 18,6 tonn råvarer for å dekkje det årlege forbruket sitt. Til samanlikning er verdsgjennomsnittet per person 4,9 tonn.

Det går naturlegvis ikkje bra i lengda. Overforbruket påverkar klima og vêr, arts- og naturmangfald, mattryggleiken vår, tilgang til reint vatn og leveforhold generelt. Og ikkje minst påverkar det livskvaliteten, spesielt i mange land der konsekvensane av klimaendringane er meir tydelege enn her heime i Noreg.
På footprintcalculator.org kan du sjekke forbruket ditt av naturressursar og kor mange klodar vi hadde trengt

Vi må aldri gløyme at vi er ein del av den naturen vi menneske forpaktar. Ikkje skilt frå han. Vi eig eigentleg ingenting. Vi forpaktar jorda sine ressursar, til dei som skal leve her etter oss.

Forbruk i Noreg gir utslepp i andre land

For første gong har også Miljødirektoratet estimert forbruksbaserte utslepp. Dei konkluderer med at 60 % av dei forbruksbaserte utsleppa våre skjer i andre land. Med andre ord. Kvar gong du kjøper ein eingongsgrill eller joggesko i Noreg som er laga i Kina, bidreg forbruket ditt til utslepp, både i Kina og i Noreg, ved råvareutvinning, produksjon, frakt, bruk og når det endar opp som avfall.

Forbruket av varer og tenester i norske hushald, privat næringsliv og offentleg sektor, stod for eit samla klimagassutslepp på 70 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Samla sett utgjer det 13 tonn per innbyggar. I overkant av 60 % av desse forbruksbaserte utsleppa, også kalla klimafotavtrykket, fann stad i andre land.

Økonomisk berekraft

Berekraft betyr at noko ber seg sjølv. Økonomi bør og må tene og bere samfunnet, slik at det tek vare på tolegrensa til planeten. Økonomisk berekraft skal sikre økonomisk tryggleik for samfunn og menneske. Det grunnleggande i det er å ta vare på jorda sine ressursar. Vi er trass alt avhengig av ein jordklode i balanse for å kunne leve her. Når han ikkje er det blir det dyrt, på fleire måtar, for oss alle.

I dag lever vi i samfunn der økonomi ofte er det som styrer avgjerder og val. Både politisk, i næringsliv og privat. Naturen blir ofte ikkje gitt ein økonomisk verdi når det til dømes skal vurderast om ein skal byggje ny hytte eller eit nytt oppdrettsanlegg. Naturen taper ofte og dei langvarige konsekvensane av dei samla dårlege vala kan vere katastrofale. Både for natur, menneske og den langsiktige økonomien.  

Det er med andre ord lite berekraftig å ikkje tillegge naturen ein økonomisk verdi i val som skal takast. Anten du er privat eller politikar. Eigenverdien til naturen har også ein verdi som ikkje kan reknast i berre kroner. Den gir oss mat, reint vatn og frisk luft. Og alt det som finst i naturen, plantar, tre, komplekse økosystem, insekt og andre dyr - gir oss nettopp det.

Les meir her om grøn økonomi, berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål.

Lokale tal og avfallsmengder 

Mat og transport står for det største bidraget til klimafotavtrykket til norske hushald.

Tal frå www.folketsfotavtrykk.eco viser at klimagassutslepp frå livsstilen til innbyggarane i Gulen kommune i gjennomsnitt er på 14,3 tonn CO2-e per person. Landsgjennomsnittet ligg på 12,1 tonn per person. Størst årleg klimafotavtrykk har innbyggarane i Gulen frå energibruk, forbruk av varer og tenester, offentlege tilbod og transport.

Tal frå NGIR viser at kvar fastbuande i NGIR-regionen i snitt kasta 402 kilo avfall i året i 2023. Sjølv om avfallsmengda per innbyggjar har gått litt ned dei siste åra, er det framleis nesten eitt halvt tonn avfall, som hos dei fleste nok kan reduserast, med eit meir medvite og berekraftig forbruk. Skal vi følgje naturens premissar, som ikkje sjølv skaper avfall som ikkje kan brukast om igjen (av naturen sjølv), må vi forbruke slik at vi skaper minst mogleg avfall.

 Avfallsmengd pr innbyggar pr år

Tala inkludera ikkje elektronisk avfall og tekstil som blir leverte til gjenvinning andre stadar. Skjermdump frå NGIRs årsrapport 2023. 


Sist oppdatert: 28.08.2024
Publisert: 22.08.2024