Plast

Her er nokre tips til korleis du kan redusere plastbruken:

  • Bruk mindre plastprodukt generelt.
  • Dropp klede og tekstil laga av plast/syntetiske stoff som polyester, nylon, elastan, polyamid, akryl, spandex med fleire.

    Desse blir brukt i klesproduksjon fordi dei er billige, men slepp ut mikroplast både ved bruk og kvar gong dei blir vaska. Bruk tekstilar i naturmateriale som bomull, lin og ull. Økologisk om du kan. I dag består 65 % av tekstilane våre av syntetiske materiale. Men produksjon av naturmateriale er òg utsleppskrevande. Vanleg bomull krev til dømes mykje vatn og kjemikaliar. (Økologisk produksjon utan kjemikaliar).
  • Unngå eingongsprodukt i plast - skaff produkt som kan brukast om igjen.
  • Plastpose eller gjenbruksnett? Konklusjonen er; bruk det du allereie har lengst mogleg, og ikkje kjøp nytt.

    Ein rapport frå Danmark konkluderte for nokre år sidan med at ein plastpose var meir miljøvennleg enn ein ny bomullspose (som også har store miljøbelastningar ved dyrking og produksjon). Men rapporten fekk mykje kritikk då den mellom anna brukte gamle tal i utrekninga og ikkje tok omsyn til andre alternativ som eit nett du allereie har, ein ryggsekk eller heimesydd handlenett frå gamle dynetrekk.
    I 2021 gjennomførte Norsk institutt for berekraftsforsking (NORSUS) ein ny livsløpsanalyse av bærealternativer basert på norske forhold, der handlenettet i bomull viser seg å vere mykje betre. Studien viser at bomullsnettet i Noreg berre treng å brukast 68 gonger for å miljømessig kunna likestillast med plastposen.
  • Bruk av plastpose til restavfallet
    Ein plastpose er laga for å bere mykje vekt, og er derfor laga i ein betre og tjukkare kvalitet enn ein avfallspose du får kjøpt på butikken. Brukar du ein vanleg plastpose til restavfall,  blir han heller ikkje resirkulert til ny plast.
  • Visste du: Ifølgje NGIR treng du ikkje å bruke plastpose på restavfallet ditt før du kastar det i avfallsdunken med mindre det er støvete, som oske, eller grisete avfall. Er du flink å sortere avfall treng du med andre ord som regel ikkje plastposar til restavfallet.
    Hugs at du sjølv har ansvar for å vaska avfallsdunkane.
  • Bruk glas- og metallbehaldarar til oppbevaring av mat og drikke. Syltetøyglas er til dømes supre å gjenbruke. Hugs at veske blir utvida ved frysing – så ikkje fyll opp glasa heilt når flytande mat skal frysast
  • Køyr mindre bil. Bildekk er største årsaka til mikroplastutslepp i Noreg. Kunstgrasbane med plastpellets er ein god nummer to.
  • Unngå mikro- og nanoplast som finst i alt frå velværeprodukt, kosmetikk, til måling, vaskemiddel og kunstgjødsel.

    Mikroplast blir vaska ut gjennom avløpsrøyr, forureinar havet og blir teke opp i sjødyr. Sjekk ingredienslista på produktet. Mikroplast blir ofte merka som Polyethylene (PE), Polyethylene terephthalate (PET), Polypropylene (PP) eller Polymethyl methacrylate (PMMA). Eller kjøp heller miljømerka varer som Svanemerket eller Debio for økologisk sertifiserte produkt. Dei tillèt ikkje bruk av mikroplast.
  • Produkt blir gjerne selde som meir "miljøvennlege" fordi dei er laga av resirkulert plast. Men gjenvunnen og resirkulert plast forureinar like mykje som jomfrueleg plast.  Så sjå opp for grønvasking - når produkt blir selde som meir miljøvennlege enn dei eigentleg er.
  • Største kjelde til plastforureining i sjø er fiskeutstyr. Plastutstyr står og spøkelsesfisker, og gjer skade i årevis. Ta opp tapt fiskeutstyr eller meld frå om tapt eller funne utstyr i fritidsfiskeappen. Yrkesfiskarar kan òg melda om tap av reiskap via tenesta FiskInfo.
  • Bli med å rydda forsøpla område i naturen eller arranger ryddeturar med familie og venner. På Rydde.no kan du opprette eigne ryddeaksjonar, melde deg på andre sine ryddeaksjonar, registrera det du ryddar eller melda inn eit forsøpla område.
Meir om plast

Plast har eit negativt fotavtrykk både ved utvinning, produksjon, bruk og etter bruk. Plast blir laga av olje og kan innehalde ulike helseskadelege stoff. Plast blir heller aldri brote heilt ned. Det blir brote ned og blir til mikro- og nanoplast, men blir aldri heilt borte. Dei små plastpartiklane går inn igjen i matkjeda vår der dei forplantar seg overalt i natur, dyr og menneske. 

Mikroplast inneheld ei rekke ulike giftstoff som vil leke ut så snart produktet er laga. Plast kan til dømes ha ftalater og metall tilsett for farge, stabilisering eller som biocid. Fleire av desse er helseskadelege og kan mellom anna vere hormonforstyrrande hos menneske. 

Nesten all plast er òg laga av olje – ei fossil råvare som fører til store klimagassutslepp og negative konsekvensar for miljø. Ein treng omtrent to kilo olje for å lage ett kilo plast. Bruk av fossile råvarer er den største årsaka til klimaendringar og global oppvarming (gjennomsnittstemperaturen stig). Det er derfor svært viktig å kutte bruken av nye fossile råvarer mest mogleg og så raskt som mogleg.

Bioplast

Bioplast er ein samlebetegnelse som betyr at plasten er produsert av biobasert masse som mais, stivelse, sukkerrøyr, cellulose eller vegetabilske oljer.

Dei siste åra har bioplast komme inn som eit meir miljøvennleg alternativ til vanleg plast. Men er den eigentleg miljøvennleg? Bioplast er ofte laga av resirkulerte biologisk nedbrytbare materiale eller cellulose frå plantar. Ein rapport viser derimot at bioplast er like giftig som vanleg plast og dermed ikkje er tryggare enn annan plast. Hamnar ein bioplastpose til dømes i naturen, vil dei skadelege giftstoffa kunna overførast til naturen. Bioplastalternativa har òg forureinande produksjonsmetodar, blir som regel ikkje brotne ned i naturen, då det ofte treng ein viss temperatur for å brytast ned og har avgrensa moglegheiter for resirkulering. 

Fakta - Forskarar meiner at vi innan 2050 vil ha meir plast enn fisk i havet, viss utsleppa held fram som no. Det er påvist at også dyreplankton et plast, noko som betyr at plasten no er i alle ledd i næringskjeda. Over ein million sjøfuglar og 100.000 sjødyr døyr av plastforureining kvart år.

Nyttige lenker til meir informasjon om plast

Sist oppdatert: 05.07.2024
Publisert: 03.07.2024