HeimSkatt, næring og landbrukNæringKompensasjonsordning for verksemder som er råka av pandemien

Kompensasjonsordning for verksemder som er råka av pandemien

Ordninga skal kompensere for smittevernstiltak som påverkar lokale verksemder i Noreg. Kommunen får tildelingar frå Departementet i fleire rundar. Desse tildelingane skal kommunen kunne nytte til utdeling til dei verksemdene som er ramma lokalt i kommunen. Det blir no arbeidd med tildelingsrunde 6. Her fekk kommunen ei ramme på kr. 321.000,-.

Departementet har sett tildelingsfristane for fordelingsrunde 6 til 30.06.2022.

Opplever verksemda di tap og ekstra kostnader som følgje av pandemien, kan du difor no søkje kompensasjon gjennom www.regionalforvaltning.no (kommunal kompensasjonsordning tildeling runde 6).

Tildelinga skal sikre likviditet i verksemder, og dempe dei økonomiske konsekvensane av covid-19 pandemien ved at verksemdene får dekka dokumentert meirkostnader/tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.

Stønad vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg stønad.

Du søkjer tilskot via www.regionalforvaltning.no


Kommunen set frist til 05.05.2022
 for å søke tilskot i 6. runde.
Formannskapet skal drøfte saka i møte den 02.06.2022.


Sist oppdatert: 01.04.2022
Publisert: 01.04.2022