Kommunale krav

Betaling av faktura frå Gulen kommune

Alle rekningar frå Gulen kommune skal betalast til bankkonto 3705.31.50943 som også er oppgitt på fakturaen. Det er viktig å  oppgje aktuelt KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di. 

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar:

  • IBAN-KODE: NO57 3705 3150 943 
  • SWIFT/BIC-adresse: SOFJNO22
Korleis blir fakturaene sendt?

Privatpersonar:

Vi nytter følgjande kanalar ved utsendinga i prioritert rekkefølgje:

  1. avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps
  4. digital postkasse
  5. e-post
  6. papirfaktura
Ønskjer du å endre kvar du mottek faktura?

Avtalegiro:

Automatisk betaling av faste rekningar er praktisk for alle som ikkje kan eller ønskjer å bruke nettbank. Ta kontakt med banken din for å få oppretta dette. Eller ta kontakt med økonomiavdelinga, 57782020, så sender dei deg ein svarslipp som må signerast på.

eFaktura:

  • Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
  • Ver merksam på “Ja-takk til alle”
  • “Ja-takk til alle” kan vere sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
  • Har du betalt rekningar for andre kan du ha oppretta betalingsavtale for andre.

Meir om eFaktura


Vipps: 

Om du ikkje ønskjer faktura tilsendt på Vipps må du deaktivere dette under Profil, Regninger og eFaktura i Vipps-appen.

Meir hjelp ved Vipps

Digital postkasse:

Sjekk innstillingar i den digitale postkassen

 

For næring/verksemder

Faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgje:

  1. EHF
  2. e-post
  3. papirfaktura

For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vere oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melde verksemda inn i Elma og Aksesspunkt.

Meir om Elma og Aksesspunkt

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med økonomiavdelinga 

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med sentralbordet ved spørsmål til desse fakturaene:

  • Gebyr innanfor vatn, avlaup, byggesak, oppmåling, plan
  • Eigedomsskatt
  • Helse- og omsorgstenester

Kontaktsenteret er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt

Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt

Spørsmål om musikkskule: Ta kontakt med leiar for musikkskulen

Klage

Har du motteke ein faktura eller eit inkassovarsel du er ueinig i, må du sende ei skriftleg klage på kravet.
Dette sender du hit:

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik


Har du vanskar med å betale kommunale rekningar?

Betaler du ikkje ved forfall blir det sendt ut påminning/inkassovarsel. Det blir då lagt til forseinkingsrenter og gebyr (etter gjeldande satsar). Om du framleis lar vere å betale blir kravet oversendt til inkassoselskap, for tida Lindorff. 

Har du problem med å betale i tide, er det viktig at du søkjer om utsetjing eller inngår betalingsavtale så tidleg som mogleg. 

Betalingsavtale for kommunal faktura

Du kan sjølv ordne med betalingsutsetjing i 20 dagar for alle typar krav/fakturaer. Dette gjer du enkelt ved å logge deg inn på mi side eller ved å logge deg inn på kundesida di i kommunen sitt økonomisystem.

Hjelp til innlogging

Alternativt at du kontaktar økonomiavdelinga, tlf. 57782000 og avtalar nye forfallsdatoar direkte der. For deg som ikkje kan betale faktura til forfall, kan du be om betalingsavtale. 

Treng du hjelp?

Har du generelle betalingsproblem? Då kan du søkje om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving hos NAV.
 

NAV hjelper deg gjerne med råd om privatøkonomi.


Ta kontakt med NAV Fensfjorden 
for samtale med rådgjevar på telefon 55553333. Open frå klokka 8-15.30måndag - fredag.


Rådgjevar
 kan hjelpe deg med mellom anna:

  • Råd og tips kring din økonomiske situasjon, hjelp til å få oversikt.
  • Råd knytt til dine gjeldspostar.
  • Forhandlingar med dine kreditorar.
  • Tilvising til andre instansar som kan gje deg hjelpa du treng

 

 

 

 


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 02.11.2020