HeimSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSøkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Løyve blir normalt ikkje kravd ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge ein ikkje tar betalt for drikke.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre for arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld anten alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.
Løyve kan gjelde
  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • all alkoholhaldig drikk
Vilkår

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Søknad og pris

Søknaden må vere kommunen i hende 3 veke før arrangementet. Gebyr for saksbehandling er kr 507,- per søknad.

Søknadsskjema skjenkeløyve ved einskildhøve

Saksbehandling

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngiving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Behandlingstida er til vanleg ca 7-10 dagar.

Ruspolitisk handlingsplan for Gulen kommune 2021-2025

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover

Lov om omsetning av alkoholholdig drikk (alkoholloven)

Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk (alkoholforskriften)


Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 01.08.2018