HeimPlan, bygg og eigedomInformasjon om planleggingArbeidet med ny samfunnsplan for Gulen kommune

Arbeidet med ny samfunnsplan for Gulen kommune

Samfunnsplanen for Gulen kommune skal skildre dei mål og strategiar som kommunen skal byggje arbeidet sitt på i eit langsiktig perspektiv. Planen skal dekke all aktivitet kommunen har.

Kommunen vil i løpet av dei neste månadane sende ut spørjeundersøkingar. Vi treng di meining på kva mål kommunen skal setje seg fram mot 2034. Undersøkingane er delt i fleire aldersgrupper. Vi set stor pris på om alle som mottek spørjeundersøkinga, på mobil eller e-post, vil svare.

Arbeidet med ny samfunnsplan går framover, og torsdag ettermiddag 24.02. blir det sendt ut innbyggjerundersøking til folkeregistrerte i kommunen som er fødd mellom 1958 og 1992. Kommunen håpar målgruppa tek seg tid til å svare på undersøkinga – det tek om lag 5 minutt, og svara er anonyme.

Status på arbeidet og tiltak no i løpet av våren 2022, finn du ved å trykke på lenkene under: 

 

Dokument frå politiske møter

 

 

 

Dokument

Planlagde avgjerdspunkt i arbeidet med ny samfunnsplan

For å ha framdrift i prosjektarbeidet er det naudsynt å ta avgjersler innan ei avklart rekkjefylge. Avgjerslane skal takast av styringsgruppa (formannskapet) og føl deira møteplan.

  • Godkjenning av prosjektplan (27.01.2021)
  • Godkjenning av den tematiserte inndelinga, struktur av samfunnsplanen (04.03.2021)
  • Godkjenning av statusskildring under dei einskilde tema/eksisterande statistikkmateriale (08.04.2021)
  • Plan for informasjons- og kommunikasjonsstrategi (08.04.2021)
  • Presentere dei nasjonale føringane innan dei einskilde tema (08.04.2021)
  • Godkjenning avbestillingar vedk. utgreiingane (29.04.2021)
  • Godkjenning av planlagd innhenting av interessentdata (29.04.2021)
  • Godkjenning av innhenta interessentdata (19.08.2021)
  • Godkjenning av Gulen kommune sin visjon (23.09.2021)
  • Godkjenning avkonkrete målsetnadar og satsingar fram mot 2034 (28.10.2021)
  • Utarbeide det endelege dokument for fyrstegongshøyring (mars 2022)
Medverknad

Samfunnsplanen skal fungere som eit styrande dokument og vil vere gjeldande i 12 år. Det er difor avgjerande at innhaldet speglar det som er viktige satsingar for innbyggjarane. Arbeidet med ny samfunnsplan krev brei medverknad.

 Sjå plan for informasjons- og kommunikasjonsstrategi for meir informasjon.

Arenaer for medverknad 
Arena Tidspunkt Tema
Kommunestyremøte  I perioden mai, juni, september, oktober og desember 2021 
– mars 2022 
Informasjon om arbeidet
med samfunnsplanen + ei utfordring som skal drøftast i kommunestyremøte i juni. Eigartilhøve for berekraftsmåla. Målsetnadar, strategi og visjonar – Organiseringa i kommunen. 
Politikardag   Primært oktober 2021  Kort arbeidsmøte med oppsummering frå
politikarane og viktige tema
for nye målsetnadar .
Dialogmøter med 
interessentar 
etter innkallingar i perioden frå mai til desember 2021. 
I perioden mai, juni, september, oktober og desember 2021  Fordelt på desse emna; samfunns -og næringsutvikling, folkehelse, Leve Heile livet, digitalisering og 
innovasjon.

Folkemøte / idèmyldring fordelt mellom bygdene

Primært oktober-desember 2021 Visjonen, mål og delmål til
Gulen kommune 2022 – 2034.

Folkemøte  

Primært i perioden oktober- desember Miljø og Klima.

Møte med andre kommunar 

Primært september 2021  Korleis samhandle betre. 
Digital informasjon og innspel  Primært i perioden mai, juni, september, oktober  Temabaserte frå barn og
unge , vaksne og eldre, 
næring, samfunnstryggleik (herunder 
klima og miljø), organisering 
av kommunen. 


Innspel

Send innspel til ny samfunnsplan til Gulen kommunen via:  

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik


Sist oppdatert: 12.05.2022
Publisert: 13.04.2021