Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.

Omsorgsbustaden er umøblert, leigetakar er sjølv ansvarleg for å innrede med møblement og kvitevarer (vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskap, komfyr etc).

Eivindvik bu- og omsorgsenter

Sone Eivindvik består av Eivindvik bu- og omsorgsenter og heimetenesta (open omsorg). Senteret ligg på nedsida av vegen rett før Eivindvik sentrum. Bu og omsorgssenteret består av totalt 15 leilegheiter. 12 inne på sjølve senteret og 3 på Kyrkjeneset (nabobygg). Frå senteret er det sjøutsikt inn og utover vågen. Kort avstand til butikk, bank og legekontor. Open omsorg har base på senteret. Open omsorg inkluderer heimesjukepleia og praktisk bistand (heimehjelp).

 Kontakt

Adresse

  • Eivindvikvegen 1066
    5966 EIVINDVIK

På Eivindvik bu og omsorgsenter er det aktivitetsstove kvar fredag med aktivitør Margrethe Skåden. 

Brekke bu- og omsorgsenter

Brekke bu- og omsorgsenter består av 1 hovedhus, med 6 hyblar og 1 avlastningsrom, 6 leilegheiter i eigne bustadar tilknytta bygget. Det er kort avstand til butikk og legekontor. Lege har kontordag kvar måndag.
Personalet i heimetenesta har base på senteret. Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Engesetvegen 125
    5961 Brekke
Byrknes bu- og omsorgsenter

Byrknes bu- og omsorgsenter består av 12 leiligheter og 1 avlastningsrom. Det er kort avstand til butikk og legekontor. Lege har kontordag kvar onsdag. Personalet i heimetenesta har base på senteret. Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Søre Garden 28
    5970 Byrknesøy
 Dalsøyra bu- og omsorgsenter

Dalsøyra bu- og omsorgsenter består av 8 leilegheiter og 1 avlastningsrom. Det er kort avstand til butikk. Personalet i heimetenesta har base på senteret.  Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Gulafjordvegen 1519
    5960 Dalsøyra
Miljøtenesta

Miljøtenesta har hovudkontor på Dalsøyra. Vi har eit bu- og aktivitetstilbod som er lokalisert der.

Vi har 7. leiligheiter og eit Aktivitetsenter.

Miljøtenesta gjev tiltak og teneste til menneskjer med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad.

Tenesta er lovpålagt; å gjev hjelp til menneskjer med psykisk utviklingshemming, og avlastning for foreldre/pårørande som har barn med utviklingshemming, funksjonshemming eller andre vanskar.

Tenesta har lovpålagt; ansvar for miljøterapi og støttekontaktar for vaksne og born med utviklingshemming eller annan funksjonshemming.

Vi har som mål:

  • At den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig
  • At den einskilde skal kunne ha eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre
  • At den einskilde brukar skal ha friheit til å leve sitt eige liv.

Vi har og medansvar i tildeling av BPA (Brukastyrt personleg assistanse).

Kontakt

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.

 Adresse

  • Gulafjordvegen 1519
    5960 Dalsøyra

 

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Ta kontakt med einingsleiar i den sona du ynskjer omsorgsbustad:

  • Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
    Einingsleiar Nina Haveland
    Telefon: 57 78 16 02

  • Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
    Konstituert Einingsleiar Aina Furebotn
    Telefon: 57 78 16 54

  • Eining helse
    Einingsleiar Elizabeth Høydal
    Telefon: 57 78 20 65
Priser
Dalsøyra bu- og omsorgsenter kr 7426,- per måned
Brekke bu- og omsorgsenter kr 7426,- per måned
Brekke bu- og omsorgsenter, hybel m/kjøkken kr 5625,- per måned
Brekke bu- og omsorgsenter, liten hybel kr 4455,- per måned
Byrknes bu- og omsorgsenter kr 7426,- per måned
Byrknes bu- og omsorgsenter,  kr 4455,- per måned
Eivindvik bu- og omsorgsenter kr 7426,- per måned
Fast tillegg for straumutg., kun Eivindvik

kr 650,- per måned

TV og internettkostnader kjem i tillegg til husleiga med kr 438,- per måned.

Matsal og tøyvask:

Ein kan få kjøpt middag på alle 4 omsorgssentra (etter søknad).
Pris for ein middag: kr 142,-
Pris for fullpensjon (alle måltida): kr 179,- per dag

Dersom ein har vedtak på hjelp til tøyvask kostar det 86,- pr kg tørt tøy

Tryggleiksalarm:

Inntekt under 2G, kr 237,- per måned
Inntekt over 2G, kr 497,- per måned


Klage:

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 27.06.2018