Startlån

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vere ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Husbanken har elektronisk søknad for startlån.
Trykk her for å gå til sida på Husbanken med søknadsskjema til startlån.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 8 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kor mykje kan eg låne?

Dette må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan få startlån til:

  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Topp- og fullfinansiering.
Krav til søkjar

Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn i husstanden, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar tilseier at de i løpet av kort tid må ha ein trygg, god og stabil busituasjon.
  • Når du har problem med å dekke buutgifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.

Manglar du BankID eller er verge? Trykk her for å sjå korleis du får søkt.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen til kommunen må vere skriftleg.

Kontakt 

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post, då kan du nytte eDialog. 
Trykk her for meir informasjon om eDialog.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 13.11.2018