Planstrategi 2024-2027

Kommunal planstrategi er eit verktøy for det nye kommunestyret til å vurdere utfordringar og planbehov i valperioden. Politikarane skal innan eit år etter valet ta ei avgjersle på om dei skal endre «kurs» i gjeldande planar, og vidare kva områder ein skal prioritere å arbeide med i kommande periode. 

Prosjektplanen er vedteken, her er formannskapet styringsgruppe med prosjektleiing frå administrasjonen.
Planstrategien er no på høyring, og det er ønskeleg at «alle Gulenaktørane» deltek i debatten om kva vi treng å jobbe vidare med framover.
 
Trykk her for å kome til høyring av planstrategien for Gulen kommune 2024-2027

Høyringsfrist: 14.08.2024.

Ved å trykke på lenkene under finn du meir informasjon om planstrategi prosessen: 


Sist oppdatert: 12.07.2024
Publisert: 13.03.2024