Byggjegrense langs offentleg veg

Byggjegrense

Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.

Trykk her for å laste ned ein rettleiar om byggjegrense til riks- eller fylkesveg. 

Kva kan du søkje om?

I kommunen behandlar vi søknadar om:

  • dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
  • dispensasjon frå byggjegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Kven skal behandle søknaden din?

Ønskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.

Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:

  • i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
  • i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
  • ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand

Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.

Trykk her for å lese meir om avkøyring frå kommunal veg.

Slik søkjer du
  1. Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
  2. Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
  3. Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Gulen kommune.

Søknaden sende du til Gulen kommune via: 

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til å finne dei rette karta? Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 57 78 20 00 eller på e-post postmottak@gulen.kommune.no

Treng du hjelp til ei byggjesak? 

Byggesak har rettleiing på telefon. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale.

Ynskjer du å bestille møte med byggesakshandsamar send ein e-post til:

stefan.karlstrom@gulen.kommune.no

I møtesbestillinga skriv du kva gards- og bruksnummer det gjeld, så utfyllande som mogleg om kva du lurer på, legg ved relevante dokument etc.

Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 04.02.2022
Publisert: 05.10.2018