Fasadeendring

Fasaden på et bygg er ytterveggar og tak. Ei fasadeendring kan til dømes vere å bytte vindauge, endre kledning eller taktekking, setje inn ei ny dør eller å «glasse inn» ein balkong.

Du må ikkje søkje om løyve til alle fasadeendringar.

Du treng som hovudregel ikkje å søke dersom

  • du skal skifte tak (ver klar over at det kan vere søknadspliktig om taket vert heva)
  • du endrar heile fasaden tilbake til slik bygningen tidlegare var oppført (dette må du kunne dokumentere)
  • du skal skifte, setje inn eller fjerne vindauge eller dør, så lenge karakteren til bygningen ikkje vert endra. Du kan til dømes:
    • setje inn og fjerne mindre kjellar- og takvindauge
    • utvide ei opning frå vindauga til dør – om du ikkje endrar breidda
    • endre frå dør til vindauge med same breidde
    • skifte ut vindauge og dører – med lik utsjånad

Du kan søke på eiga hand dersom

  • du skal gjere mindre fasadeendringar, som til dømes nye takvindauge som ikkje går inn i bærande konstruksjonar

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom

  • du endrar bygningen sin karakter
  • du gjer inngrep i bærande konstruksjonar
  • du gjer inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • tiltaket er nærare enn 4 meter frå nabogrensa

Vi gjer merksam på at fasadeendringar på bygningar med kulturminneinteresse oftare vil endre karakteren til bygningen, og dermed kan være søknadspliktige.

Må du endre fasaden fordi du skal bruke rommet på ein ny måte, til dømes endre frå bod til soverom? Då må du søkje om bruksendring. Fasadeendringa blir då ein del av denne søknaden.

Trykk her for å lese om bruksendring.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.


Sist oppdatert: 20.10.2020
Publisert: 05.10.2018