HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring kommunal planstrategi for Gulen kommune 2024-2027

Høyring kommunal planstrategi for Gulen kommune 2024-2027

Kommunen sin karakter, med store variasjonar, krev god planlegging på alle områder for berekraftig og ønska samfunnsutvikling med innbyggarane sin trivsel som hovudfokus. All planlegging startar med planstrategien.

Kva er ein planstrategi?

Planstrategien er eit overordna strategidokument som gir uttrykk for dei politiske prioriteringane, kva planar kommunen skal arbeide med og gjennom, i den kommande periode.

Den fireårige planstrategien tek utgangspunkt i dei gjeldande måla. Ein vurderer korleis desse fell ut i høve til nasjonale føringar, utviklingstrekk og utfordringar i kommunen. Med bakgrunn i desse vurderingane legg ein kommunale politiske føringar for kva deler av styringsdokumenta (planane) ein skal arbeide med for å få den retning kommunestyret ønskjer for samfunnet Gulen kommune.

Dokument til høyring

Planstrategi Gulen kommune 2024 - 2027 

Har du innspel til planstrategien?

Vi ber om at innspel merkast med kommunal planstrategi Gulen kommune 2024-2027, og sendast til Gulen kommune: 

  • Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
  • eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
  • eller til postadresseGulen kommune
                                     Eivindvikvegen 1119
                                     5966 Eivindvik

Høyringsfrist: 14.08.2024.


Sist oppdatert: 17.06.2024
Publisert: 14.06.2024