HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av høyring og offentleg ettersyn

Kunngjering av høyring og offentleg ettersyn

I hovudutval for plan, utvikling og kima HPU sak 033/21 har Gulen Kommune i medhald av pbl §§ 12-10 og 12-11 vedteke å leggje framlegg til reguleringsplan for Ortneset vest bustadfelt Gnr 131 Bnr 27 og Gnr 130 Bnr 2 ut til høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er å leggje til rette for nytt bustadfelt med tilhøyrande leikeområde, friområde, parkering og teknisk infrastruktur.  Planområdet er på om lag 101 daa.

Planen ligg til offentleg ettersyn frå 21.06.2021 til 07.08.2021.  Planen er offentleggjort på heimeside til Gulen kommune og i lokal avis. Plankart kan sjåast på Nordhordlandskart ved å velje Temalag - Plankart – Planar under arbeid.

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert merka med «Ortneset vest bustadfelt». Høyringsfrist er 7. august 2021.

Merknadar kan sendast til: postmottak@gulen.kommune.no 

eller

Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik


Sist oppdatert: 21.06.2021
Publisert: 21.06.2021