HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppstart av interkommunalt planarbeid for sjøområda i Nordhordland

Varsel om oppstart av interkommunalt planarbeid for sjøområda i Nordhordland

I løpet av denne perioden for høyring og offentleg ettersyn er det opna for å gje:

  • Innspel til sjølve planprogrammet – kva tema og spørsmål det skal arbeidast med og korleis planprosessen kan gjennomførast
  • Innspel til arealbruk og utnytting for sjøområda i heile planområdet (alle dei 8 kommunane som deltek)

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap starta prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareala i kommunane.

Arbeidet med denne interkommunale planen har starta opp før arbeidet med Gulen sin arealplan er ferdig. Me har difor valt å berre gjere små endringar til sjøs i det pågåande arealplanarbeidet ettersom den interkommunale planen uansett vil erstatte sjøområda i arealplanen me no held på med. Kommuneplanen sin arealdel vil i sin heilskap verte lagt ut på ny høyring i juni.

Av innspela som har kome inn til kommuneplanen sin arealdel i sjø, vert desse teke med vidare til 2. gangs høyring og offentleg ettersyn:

Akvakulturanlegg

  • Lokalitet Bårøyna -utviding
  • Lokalitet Kuøyna -utviding
  • Lokalitet Leiholmane -utviding
  • Lokalitet Hardbakkeneset -utviding
  • Lokalitet Gråvika -justert plassering

Algar og akvakulturdyr

  • Lokalitet Straumeøyna -ny, erstattar AK15 i gjeldande plan.

Ventebøye  

  • Vert ståande som i gjeldande plan

Innspel om områder utover dei som er nemnt ovanfor må sendast inn til den interkommunale planen.  

Planen skal vere ein arealplan for sjøareala, der heilskapen blir ivaretatt over kommunegrensene. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Det er mange interesser knytt til kystsona og sjøareala. Aukande konkurranse og interessekonfliktar kan gjere sjøareala utfordrande å forvalte. Kommunen har mynde over arealbruken i sjøområda etter pbl og hamne- og farvannslova, og ansvar for å skape føreseielege rammer. Til dette trenger kommunane eit godt styringsverktøy.

På heimesida til prosjektet finn ein meir informasjon om prosjektet og høyringa (www.regionnordhordland.no). 

Frist for innspel

Frist for å kome med innspel er satt til 10.05.2021.
Alle innspel må sendast til: e-post: post@nordhordland.net

I emnefeltet til e-posten må du skrive: «Høyring Interkommunal plan sjøareal»
Eventuelt kan innspel sendast til adresse:
Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø

Kontakt

Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring knytta til planarbeidet kan du ta kontakt med:

Dokument

Nedunder er sentrale dokument i samband med oppstart av planarbeidet lenka opp:

Høyringsbrev Planprogram.pdf
Vedegg 1 IKP Sjøareal NH Planprogram - høyring 26.02.2021.pdf
Vedlegg 2 Skjema for innspel til planprogram.word
Vedlegg 3 IKPLsjø planutval sak 03 21.pdf
Vedlegg 4 Høyringsliste.pdf


Sist oppdatert: 29.03.2021
Publisert: 29.03.2021