Val 2021

Val logo

Valdagen i år er måndag 13. september.

Av omsyn til covid19-smittevern, oppmodar vi flest mogleg om å førehandsrøyste i år. Dette kan du gjere frå 10. august til 10. september.

Trykk her for å lese generell informasjon om valet på valg.no

 

For meir informasjon om valet i Gulen, trykk på trekkspelmenyen under.

Er du manntalsført og har du røysterett i Gulen kommune? 

Dersom du er norsk statsborgar, er eller har vore registrert som folkeregistrert busett i Norge og er fødd før 31.12.2003, så har du røysterett til Stortingsvalet.

Alle med røysterett skal vere ført inn i manntalet, men det finns to unntak. Dette gjeld personar med hemmeleg adresse og dei som har vore utanlandsbuande i meir enn 10 år.

Alle personar med røysterett blir automatisk førte i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30.06.2021. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytte frå. Då kan du berre førehandsrøyste i den kommunen du har flytta til.

Manntalet for heile kommunen er lagt ut for gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset i Eivindvik. Lista vert liggjande ute fram til valdagen. Du kan kontrollere at du står oppført der, enten ved å møte opp, eller ved å ringje til ekspedisjonen på tlf. 57 78 20 00.

Om du ikkje står i manntalet, eller om det er andre feil, kan du klage skriftleg til Gulen valstyre, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik.
E-post: postmottak@gulen.kommune.no

Førehandsrøysting frå 10.august til 10.september

Du kan førehandsrøyste frå og med tysdag 10. august og til og med fredag 10. september ved vallokaler i alle kommunar i landet. 

Tilgjengelege vallokaler finn du på valglokaler.no

Førehandsrøysting kan skje på kommunehuset kvar arbeidsdag frå 10. august til 10. september mellom kl 09:00 og 15:00. 

Torsdag 9. september kan du førehandsrøyste på kommunehuset fram til kl 18:00.

Andre stadar du kan røyste:

Stad Dato Tidspunkt
Vidsyn, Sløvåg 3. september kl. 13.00 - 19:00
Byrknes skule 4. september  kl. 12:00 - 14:00
Dalsøyra skule 4. september kl. 12:00 - 14:00
Brekke Skule 4. september kl. 12:00 - 14:00

Førhandsrøysting på institusjon

Grunna korona har Valstyret bestemt at det kun er bebuarar og tilsette som kan førehandsrøyste på institusjonane. 

Stad Dato Tidspunkt
Gulen sjukeheim 3. september kl. 11:00 - 13:00
Eivindvik bu- og omsorgssenter 4. september  kl. 10:00 - 13:00
Brekke bu- og omsorgssenter 4. september kl. 10:00 - 11:30
Byrknes bu- og omsorgssenter 4. september kl. 10:00 - 11:30
Dalsøyra bu- og omsorgssenter 4. sepember kl. 10:00 - 11:30
Røysting på valdagen 13. september

Valdagen den 13. september må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30.06.2021.

Vallokala i Gulen på valdagen 13. september:
Krins Røystestad
Eivindvik Kommunehuset 2. etg
Brekke Risnehallen samfunnshus
Byrknes Byrknes skule
Dalsøyra Dalsøyra samfunnshus

Røystetid på valdagen er kl. 10.00–18.00 i alle krinsane.

Røyste heime? Ambulerande stemmegjeving

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å kunna førehandsrøyste heime. 

Frist for å be om å få røyste heime er fredag 10. september kl. 10:00. Dersom du er i isolasjon eller karantene pga korana, er fristen måndag 13. september kl. 10:00.

Ta kontakt med ekspedisjonsavdelinga på tlf. 57 78 20 00 eller e-post: postmottak@gulen.kommune.no

Ved heimerøysting kjem to valmedarbeidarar frå kommunen heim til veljaren. Valmedarbeidarane har med et "minirøystelokale" med røystesetlar, valurne og alt anna som trengs. Dei som røyster heime, må hugse å ha legitimasjon tilgjengeleg.

Kva må eg ha med til røystelokalet?

Vallova seier at ein velgjar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste, både ved førehands- og valdagsrøysting. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din.

Ta med valkortet i tillegg. Det lettar arbeidet for valfunksjonærane, og det går raskare for deg å røyste. Har du gløymt det, får du likevel røyste.

I år vert valkortet sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege får du valkortet ditt tilsendt på papir.

Lister til stortingsvalet frå Sogn og Fjordane

Her finn du lister over partia frå Sogn og Fjordane som stiller til val ved stortingsvalet 2021.


Sist oppdatert: 26.08.2021
Publisert: 14.06.2021