Korps

Spele i korps?

Musikkundervisning,samspel og leik i sosialt felleskap!

Skulekorpsalder er frå barnet startar i korpset (2. / 3.klasse) til 19 / 20 år. Både små og store spelar på same lag. I korpset er der ingen reservebenk. Det er eit mål at borna / ungdommane er med heile skulekorpstida.

Korpsa arbeider for å gje borna og ungdommane eit godt tilbod. Ein skal lære å spele i eit sosialt felleskap. Godt miljø, der alle går godt i lag uavhengig av alder, er viktig. Det skal og vere naturleg å hjelpe kvarandre. Kvar musikant, liten eller stor, er like viktig. Eit mål er at alle skal få oppgåver tilpassa alder og nivå.

Korpsa gjev god musikkundervisning

Du får lære å spele messing eller slagverkinstrument.

Du lærer samspel og får mange gode opplevingar…..

Det gjev og god lærdom på andre plan. Me kan nemne konsentrasjon, disiplin og samhandling med andre.

Korpsa i Gulen

Korpsa vert drivne av eigne styre samansett av foreldre og tillitsvalde frå musikantane. Musikkskulen sel dirigent / instruktørtenester. I Gulen er det korps på Byrknes og i Brekke. Dalsøyra skulekorps vart for nokre år sidan slege saman med Nordbygda skulekorps. Korpsa treng rekruttering. Alle born i bygdene våre er velkomne til å bli korpsmusikantar. (Me kan gje aspirantopplæring i eigen skulekrins dersom du vil bli med i eit av skulekorpsa). Interessert ? - ta kontakt med musikkskulen og så kan me formidle kontakt med korpsa. Som aspirant får alle opplæring på messinginstrument i eiga aspirantgruppe. Notar lærer ein etterkvart som ein får bruk for dei.

Når du er med i korps held korpset deg med instrument, notar, uniform og anna utstyr du treng.


Sist oppdatert: 03.03.2021
Publisert: 03.03.2021