Mobile gjenvinningsstasjonar

Dato og stad for mobile gjenvinningsstasjonar

Stad Dato Tid
Brekke ferjekai 06.04.2024 kl. 09.00-15.00
Eivindvik Prestekaia 20.04.2024 kl. 08.30-14.30
Steine (ved Posten)  27.04.2024 kl. 09.00-15.00

Mobil gjenvinningsstasjon er ein «gjenvinningsstasjon på hjul», eit tilbod for deg som er hushalds- og hytteabonnent.

NGIR kjem med konteinarar, bilar og mannskap til kunngjort tid og stad, ein laurdag kvar vår og kvar haust i Gulen, Masfjorden, Modalen og på Fedje.
Du kan då levera avfallet ditt her, og du vil få hjelp og råd til sortering.
Kostnadene med ordninga vil framleis vera dekka via renovasjonsgebyret.

Dette kan du levere på mobile gjenvinningsstasjonar
  • Restavfall
  • Plastemballasje
  • Papir, papp og drikkekartong
  • Svartelista planter (i pose/sekk)
  • Metallskrap
  • Møblar
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Trevyrke/trykkimpregnert trevyrke (maks 1 m3 på palle)
  • Farleg avfall, til dømes batteri, bensin, olje (på kanne), måling, sprayboksar, asbest og vindauge.
  • Gips og glava (maks 1 m3 på palle)
Krav til levering

Eternit/asbest skal pakkast i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm), slik at plasten dekkjer asbesten. Materialet må leverast på pall, og under transport må den sikrast med tau, for å unngå skader på platene. Ikkje bruk stroppar, då dei kan skada plasten og føra til utslepp av asbesthaldig støv.

NGIR sine transportørar har ikkje lov til å ta med feilpakka eternit/asbest.

Isolerglasruter kan leverast enkeltvis, eller, ved fleire enn ein, spikra på pall.

Vi gjer merksam på
  • Næringskundar kan ikkje levere avfall
  • Lastebilar med ei totalvekt over 3500 kg har ikkje tilgang til området
  • Større traktorar/hengarar har ikkje tilgang til området. Små traktorar («gråtass») og hengarar er OK.
  • Pakk lurt! Det du lastar opp i hengaren/bilen, må og klare å lossa av når du er framme. Vi har ikkje truck/utstyr til å løfte tilgjengeleg, så det du bringer med deg, må du kunne lossa av for hand.
  • Avfall som vert plassert på tidlegare hentepunkt (gamal ordning) må fjernast for eiga rekning. Dumping av avfall er brot på forureiningslova.
Dette kan du ikkje levera på mellombelse avfallsmottak
  • Større mengder bygge- og rivingsavfall.
  • Bilmotorar, bildekk. (Felgar utan dekk kan leverast som metallskrap.).
  • Bil- og båtvrak.
  • Båtar og båtmotorar.
  • Glas- og metallemballasje (eigne returpunkt).
  • Matavfall/slakteavfall.
  • Hageavfall/skogavfall.
  • Plank over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Medisin.
  • Takplater av metall over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Pyroteknisk materiale (fyrverkeri, naudrakettar og liknande).

Sjå meir informasjon om dei ulike avfallstypane på ngir.no

Viss du har spørsmål, ta kontakt på post@ngir.no

Hugs at alle NGIR sine hushalds- og hyttekundar også kan nytta dei permanente gjenvinningsstasjonane for levering av grovavfall, viss det høver betre enn ordninga med mellombelse avfallsmottak.

Hugs NGIR-kortet/miljøID-appen

Hugs at alle kundar må ha med NGIR-kortet/miljøID-appen på alle gjenvinningsstasjonar og mellombelse avfallsmottak. Gløymer du NGIR-kortet/miljøID-appen, får du ikkje levera avfall, då NGIR ikkje kan registrera leveringa i systemet utan NGIR-kortet eller miljøID-appen.


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 11.10.2018