HeimOm kommunenBeredskap og kriseEigenberedskapsveka 2022

Eigenberedskapsveka 2022

Eigenberedskapsveka blir arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet – Målet med Eigenberedskapsveka 2022, som blir gjennomført 31. oktober – 6. november, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser.
Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde, seier ordførar Hallvard Oppedal.

(Artikkelen held fram under bilde).


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På www.sikkerhverdag.no  finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.

I samband med Eigenberedskapsveka 2022 er det sett opp ei utstilling på kommunehuset, med døme på beredskapslager. Her er brosjyre tilgjengeleg, for dei som ønskjer det. Daglegvarebutikkane  i kommunen vil og hjelpe til med å få fokus på Eigenberedskap. I butikkane vert det sett opp utstilling/hengt opp plakatar, og kundane kan ta med liste med døme på mat og utsyr ein bør ha i beredskapslageret heime. I løpet av veka vil du kunne sjå bilde av desse utstillingane her på nettsida til kommunen, og på Facebook, og tillegg vert det delt meir informasjon om Eigenberedskapsveka.

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?
Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Du er ein del av beredskapen i Noreg
Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.
Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg, seier ordførar Hallvard Oppedal.

 

Meir informasjon

Bilde


Sist oppdatert: 09.11.2022
Publisert: 31.10.2022