Kommunal kriseleiing KKL
Den kommunale kriseleiinga har ein overordna funksjon i samband med handtering av større uønskte hendingar.
Kriseleiinga skal ikkje delta i sjølve redningsarbeidet på skadestaden.
Kriseleiinga kan kontaktast på e-post: beredskap@gulen.kommune.no
Kommunal kriseleiing består av: | ||
Kommunedirektør | Reidun Halland | 94 50 67 87 |
Ordførar | Hallvard Oppedal | 41 51 39 58 |
Beredskapskoordinator | Irene Søreide | 95 96 82 40 |
Kommunalsjef Helse og omsorg | Mona Solbjørg Molland | 57 78 20 04 |
Kommunalsjef Oppvekst og kultur | Halvor Elde | 57 78 20 05 |
Leiar Innbyggarservice | Anne-Line Kvame | 57 78 20 10 |
Varaordførar er ordføraren sin stadfortredar. Når det vert etablert kriseleiing, må ordførar vurdere om begge to skal delta. Dei har hovudansvar for ekstern informasjon.
Kommunelege 1, brannsjef og Leiar Eigedomsforvaltning tiltrer kriseleiinga når situasjonen tillet / tilseier det. Dei skal ha samband med kriseleiinga, inntil dei sjølve kan tiltre.
Alt etter omfanget av hendinga avgjer kriseleiinga om andre skal kallast inn som rådgjevarar.
Kriseleiinga sine oppgåver
- Innhente opplysningar om situasjonen i kommunen.
- Treffe vedtak om tiltak for å hindre/redusere skadar på personar, miljø og materielle verdiar.
- Prioritere ressursar frå kommunen si side.
- Ansvar for at psykososial støtteteneste vert operativ.
- Halde kontakt med skadestadsleiinga.
- Utarbeide og sende ut informasjon til innbyggjarane og media.
- Loggføre kva tiltak som vert sett i verk.
- Gje rapport om situasjonen i kommunen til statsforvaltaren via CIM.
Utvida kontaktinformasjon til kommuneleiinga.
Utvida kontaktinformasjon til ordførar.