HeimOm kommunenBeredskap og kriseUkraina og vår beredskapInformasjon til flyktningar frå Ukraina

Informasjon til flyktningar frå Ukraina

Oppheld du deg i Gulen kommune? 

Gulen kommune treng oversikt over kor mange flyktningar frå Ukraina som oppheld seg i kommunen. Dette er for at flyktningane som kjem hit skal få råd, rettleiing og den hjelpa dei har rett på. Det er derfor viktig at du kontaktar kommunen. 

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post, då kan du nytte eDialog. 
Trykk her for meir informasjon om eDialog.

Registrering på Kokstad (Bergen) 

Gulen kommune oppfordrar alle flyktningar som har kome til Gulen etter 24 februar om å registrere seg og søkje asyl for å få D-nummer. Dette vil utløyse rettar.
Registreringa skjer på Scandic Kokstad, Kokstadflaten 2, 5257 Kokstad.

Kontakt informasjon:
Telefon: 47 78 94 80.
Opningstider: Måndag-søndag 09.00-14.00

Aktuelle nettsider for flyktningar og asylsøkjarar  
  • Informasjon til Ukrainske borgarar som er i Norge og ynskjer å søkje beskyttelse(asyl);  Være i Norge - UDI 

  • På Asylinfo kan du lese om å søkje beskyttelse i Norge; https://asylinfo.no/ 

 Har du fått vedtak om kollektiv beskyttelse? 

Har du fått vedtak om kollektiv beskyttelse og oppheld deg i Gulen kommune skal du gjere følgjande:

  • Fyll ut «søknad om bosetting med offentlig hjelp, tidligereasylsøkere som oppholder seg utenfor asylmottakssystemet»
  • Du finner linken til søknadsskjemaet her:  https://registration.imdi.no
Økonomiske ytingar medan du ventar på busetjing
  • Rundskrivet til Lov om Sosiale Tjenester 1.2.1.1 sier: «Norges forpliktelser i henhold til internasjonale konvensjoner gjelder for alle som oppholder seg i landet. Kommunen har en hjelpeplikt overfor personer i en nødssituasjon, også utover den lov- og forskriftsregulerte plikten til å yte hjelp.»,
  • NAV Fensfjorden kan på vegne av Gulen kommune, vurdere hjelp i ein nødssituasjon.
  • Ved å vende seg til NAV for økonomisk stønad i påvente av busetjing vil det kunne vurderast om det vil være aktuelt for deg å søke Alternativ mottaksplass (AMOT). Det anbefalast å ikkje søke om dette på eigenhand da det er ein meir tidkrevjande prosess.

Kontakt for økonomiske ytingar - NAV Fensfjorden:

Telefon: 41 39 73 64
Telefontid: 0900 - 1430

Adresse: Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland
Opningstid frå kl. 10-12 tysdag og torsdag

Helsetenester 

Alle har rett til nødvendig helsehjelp etter at ein er komen til Norge.

Dersom du er gravid, sjuk, og/eller treng medisinar, skal du få helsehjelp så tidleg som mogleg. Dersom du har opplevd krig, konflikt, tortur, vald eller overgrep, og har plager på grunn av det, har du også rett til helsehjelp.

Helsesjukepleiar og lege gir fylgjande tilbod:

  • Tuberkulosekartlegging. Ein har plikt til å gjennomføre tuberkuloseundersøkelseinnan 4 veker etter ankomst til Norge. Me kallar deg inn og gjennomfører deler av kartlegginga her og henviser vidare til Haukeland sjukehus for røntgen /blodprøve.
  • Helseundersøking for både barn og vaksne så snart som råd, seinast innan tre månader.
  • Du får tilbod om aktuelle vaksiner både som barn og voksen, og all vaksinering er gratis og frivillig.

Har du barn i alderen 0-20 år vil du og barna dine få oppfylging av helsestasjonen, dette blir det gjeve informasjon om under helsekartlegginga.

Kontaktinformasjon:

  • Gulen legekontor tlf 57781090
  • Helsesjukepleiar Linda Hantveit tlf. 41 46 41 16
  • Helsesjukepleiar Elisabeth Rahner tlf. 90 01 71 11
  • Leiande helsesjukepleiar Hennie Lefdal tlf. 97 97 57 60

Adresse: Eivindvikvegen 1102, 5966 Eivindvik

Kontortid: måndag - fredag klokka 08:00 - 15:30

Skuletilbod og barnehage 

Skuletilbod grunnskule alder.

Er det sannsynleg at oppheldet varer lengre enn tre månader vil barn i grunnskule alder ha rett på skuletilbod. 

Kontaktinformasjon ved ynskje om skulestart:

Telefon: 57 78 17 30
Adresse: Eivindvikvegen 1013, 5966 Eivindvik

Kontaktinformasjon ved ynskje om barnehageetilbod:
Telefon: 57 78 17 35

Norskopplæring 

Ukrainske flyktningar som har vedtak frå UDI om innvilga kollektiv beskyttelse, har rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap inneberer at opplæringa er gratis.

Ukrainske flyktningar i Gulen kommune kan søke om opplæring i norsk og samfunnskunnskap på vaksenopplæringa. Trykk her for søknadsskjema. 

Tilbod om opplæring vil bli satt i gang så fort som mogleg.

Kontakt:

  • Veslemøy Dingen Tlf: 57 78 17 30
  • Ine Mette Fallebø Lingjerde Mobil: 41 64 72 12

 

 Kontakt flyktningetenesta i Gulen kommune

  • Flyktningskoordinator Odd Harald Eide: 99 09 73 31
  • Flyktningkonsulent Ine Mette Fallebø Lingjerde : 41 64 72 12
  • Frivilligsentral Johanne Halland Fridtun: 40 44 60 22
  • Miljøarbeider: Jurius 90 04 10 51
  • Miljøarbeider/Språkassistent Galyna Tilgner: 48 20 24 88

Gulen kommune sentralbord: 

Sentralbord er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post, då kan du nytte eDialog. 
Trykk her for meir informasjon om eDialog.


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 27.05.2022