Fotokonkurranse - Ny samfunnsplan 2022 – 2034
Samfunnsplanen er bygd opp slik at kvart kapittel skal ha eit representativt bilete.Vi treng bilete innan desse kategoriane;
(1)Forord, (2)Samfunnsplanen, (3)Barn og unge, (4)Vaksne og eldre, (5)Bustad, stadutvikling og arealforvaltning, (6)Næring og sysselsetting, (7)Miljø, klima og forureining, (8)Kultur, idrett og frivillig arbeid, (9)Samfunnstryggleik / beredskap.
Vi treng i tillegg eit (10)hovudbilete til planen.
-Kva er din favorittstad i Gulen? Har du eit blinkskot frå kvardagen i kommunen?
Det blir kåra ein vinnar innan kvar “kategori” som mottek ei merksemd frå kommunestyret som vedtek planen.
Konkurransen er open for alle, og bileta må vere tatt i Gulen kommune. Vi ynskjer bilete frå alle årstider, så sjekk mobilen og kameraet.
Reglar
-
Bidrag til konkurransen sendast til fotokonkurranse@gulen.kommune.no
Hugs namn, adresse, telefonnummer og stad der biletet er tatt. -
Bileta må vere i jpg-format og med høg oppløysing då bileta skal brukast i fleire format.
-
Du kan bidra med så mange bilete du ynskjer.
-
Du kan berre bidra med bilete du sjølv har tatt.
-
Bileta kan vere enkelt bildebehandla. Dette må eventuelt komme fram av innsendinga.
-
Bileta blir vurdert etter skjønn; med vekt på at dei skal representere kommunen våre.
-
Dersom det ikkje blir levert passande bidrag med god nok kvalitet, i ein eller fleire kategoriar, vil kategorien (-ane) gå ut av konkurransen.
-
Juryen består av prosjektleiargruppa til samfunnsplanen. Juryen sine medlemmar kan ikkje sende inn bidrag til konkurransen.
-
Naudsynte personopplysningar blir handsama for å administrere konkurransen. Når konkurransen er avslutta og vinnarane er kåra, blir alle data sletta. Det blir inngått avtale med vinnarane vedk. bruk av bileta i samfunnsplanen. Her blir opphavs- og fotorett sikra. Personar som deltek på bilete, må ha samtykka til bruk av bilete.
-
Det er berre vinnarbileta som blir publisert.
-
Bilete levert etter konkurransen er avslutta blir ikkje vurdert.
Har du spørsmål om fotokonkurransen, ta kontakt med Sandra Skutvik på e-post sandra.sofi.skutvik@gulen.kommune.no.
Konkurransen vert avslutta tysdag 19. april.2022.