Informasjon til besøkande på Gulen sjukeheim
Kriterier som må vere tilstades for å besøke bebuarar på Gulen sjukeheim:
- Vi ønsker gjerne at besøk avtalast på førehand, men dette er ikkje eit krav. Besøksrom må evt. bestillast.
- Langtidsavd.: 57781600 / 45871551
- Dementavd.: 57781600 / 45871556
- Pas/bebuar og besøkande er frisk; ingen symptom på covid 19 (feber, hoste, sår hals, tung pust, rennande nase)
-
Besøkande skal bruke munnbind; kan ta av munnbind om ein heldt tilfredstillande avstand til bebuar og personell.
-
Oppmoder om at ein heldt ein viss avstand til bebuar for å unngå eksponering for evt smitte
-
Besøkende må melde til Gulen sjukeheim, hvis de i etterkant av besøk får symptom som kan vere forenelig med Covid 19.
Besøksalternativ
- Ute: Besøkande kan gå eller trille bebuar på tur i rullestol.
- «Besøksrom»: På gamlestova eller i vestibylen. Må tingast på førehand og i eit begrensa tidsrom (1,5 time) for at andre også skal ha mulighet til å benytte dette besøksalternativet. Unngå å berøre ting unødig.
- På bebuarrom: Kun aktuelt om bebuar er fullvaksinert. Unngå å røre ting unødig.Besøkande skal bruke munnbind; kan ta av munnbind om ein heldt tilfredstillande avstand.
- Bilkøyring: Bebuar kan vere med på biltur. Alle må bruke munnbind då ein ikkje kan oppretthalde avstand.
- Permisjon: Unngå å eksponere bebuar for unødig mange nærkontakter pga foreløpig usikkerhet ifh til smitte, til tross for vaksinering.
Gjennomføring av besøket
- Du/de må ringe avd. når du/de ankjem; tlfnr står på døra
- Du/de får utdelt munnbind om de ikkje sjølve har med.
- Du/de vert fulgt til avtalt besøksalternativ og evt fulgt til utgangen når du/de går
- Under besøket: Både du/de og bebuar må gjennomføre handvask/desinfeksjon av hender.
- Handvask/handdesinfeksjon både hjå pasient/bebuar og alle besøkande etter endt besøk.
Vi ønsker å gjennomføre vask av alle kontaktflater etter kvart besøk så fint om de ikkje berører flater eller ting unødig.
Ved behov for ytterlegare informasjon ta kontakt med Gulen sjukeheim.