Oppmoding om testing ved symptom på luftvegsinfeksjon
Du kan hente gratis hurtigtest på legekontora, innan for opningstida, og utover dette kan du hente hurtigtest ved bu- og omsorgssentera i Brekke, Byrknes, Eivindvik og Dalsøyra.
Det er viktig at ein ringe bu- og omsorgssenteret og avtala henting av testane og at ein ikkje går inn på bu- og omsorgssentera. Ein må sjølv gjennomføre testinga.
Har du vore på reise eller arrangement og ynskjer å teste deg kan du ta kontakt med legekontoret eller bu- og omsorgssentera for å få hurtigtest. Det er også mogleg å kjøpe hurtigtestar på lokalbutikkane med apotekutsal eller på apotek.
For å få utdelt gratis hurtigtest ta kontakt med:
- Gulen legekontor tlf. 57 78 10 90
- Eivindvik bu- og omsorgssenter tlf. 57 78 16 20
- Brekke bu- og omsorgssenter tlf. 57 78 16 30
- Byrknes bu- og omsorgssenter tlf. 57 78 16 40
- Dalsøyra bu- og omsorgssenter tlf. 57 78 16 50