Arbeidet med ny samfunnsplan for Gulen kommune
Samfunnsplanen for Gulen kommune skal skildre dei mål og strategiar som kommunen skal byggje arbeidet sitt på i eit langsiktig perspektiv. Planen skal dekke all aktivitet kommunen har.
Kommunen vil i løpet av dei neste månadane sende ut spørjeundersøkingar. Vi treng di meining på kva mål kommunen skal setje seg fram mot 2034. Undersøkingane er delt i fleire aldersgrupper. Vi set stor pris på om alle som mottek spørjeundersøkinga, på mobil eller e-post, vil svare.
Arbeidet med ny samfunnsplan går framover, og torsdag ettermiddag 24.02. blir det sendt ut innbyggjerundersøking til folkeregistrerte i kommunen som er fødd mellom 1958 og 1992. Kommunen håpar målgruppa tek seg tid til å svare på undersøkinga – det tek om lag 5 minutt, og svara er anonyme.
Status på arbeidet og tiltak no i løpet av våren 2022, finn du ved å trykke på lenkene under:
- Innbyggjarinformasjon (PowerPoint,pptx)
- Samfunnsplan informasjon til kommunestyre 17.06.2021(pptx)
- Visjon samfunnsplanen september 2021 (pptx)
Fotokonkurranse
Er du ein av dei som klarer å “fange stemninga”? Vi treng ditt bidrag for å synleggjere livet i kommunen, og inviterer difor til fotokonkurranse. Bileta skal brukast i den nye samfunnsplanen for Gulen kommune 2022-2034. Planen blir publisert gjennom det digitale verktøyet Framsikt.
Trykk her for meir informasjon om fotokonkurransen.
Dokument frå politiske møter
Dokument
- Planstrategi 2020 - 2023
- Prosjektplan for ny samfunnsplan - vedtatt 27.01.2021
- Powerpoint Kick-off - 18.03.2021
- Informasjons- og kommunikasjonsstrategi - vedtatt 08.04.2021
- Presentasjon til arbeidsmøte for kommunestyre 17.06.2021
Planlagde avgjerdspunkt i arbeidet med ny samfunnsplan
For å ha framdrift i prosjektarbeidet er det naudsynt å ta avgjersler innan ei avklart rekkjefylge. Avgjerslane skal takast av styringsgruppa (formannskapet) og føl deira møteplan.
- Godkjenning av prosjektplan (27.01.2021)
- Godkjenning av den tematiserte inndelinga, struktur av samfunnsplanen (04.03.2021)
- Godkjenning av statusskildring under dei einskilde tema/eksisterande statistikkmateriale (08.04.2021)
- Plan for informasjons- og kommunikasjonsstrategi (08.04.2021)
- Presentere dei nasjonale føringane innan dei einskilde tema (08.04.2021)
- Godkjenning avbestillingar vedk. utgreiingane (29.04.2021)
- Godkjenning av planlagd innhenting av interessentdata (29.04.2021)
- Godkjenning av innhenta interessentdata (19.08.2021)
- Godkjenning av Gulen kommune sin visjon (23.09.2021)
- Godkjenning avkonkrete målsetnadar og satsingar fram mot 2034 (28.10.2021)
- Utarbeide det endelege dokument for fyrstegongshøyring (mars 2022)
Medverknad
Samfunnsplanen skal fungere som eit styrande dokument og vil vere gjeldande i 12 år. Det er difor avgjerande at innhaldet speglar det som er viktige satsingar for innbyggjarane. Arbeidet med ny samfunnsplan krev brei medverknad.
Sjå plan for informasjons- og kommunikasjonsstrategi for meir informasjon.
Arenaer for medverknad
Arena | Tidspunkt | Tema |
Kommunestyremøte | I perioden mai, juni, september, oktober og desember 2021 – mars 2022 |
Informasjon om arbeidet med samfunnsplanen + ei utfordring som skal drøftast i kommunestyremøte i juni. Eigartilhøve for berekraftsmåla. Målsetnadar, strategi og visjonar – Organiseringa i kommunen. |
Politikardag | Primært oktober 2021 | Kort arbeidsmøte med oppsummering frå politikarane og viktige tema for nye målsetnadar . |
Dialogmøter med interessentar etter innkallingar i perioden frå mai til desember 2021. |
I perioden mai, juni, september, oktober og desember 2021 | Fordelt på desse emna; samfunns -og næringsutvikling, folkehelse, Leve Heile livet, digitalisering og innovasjon. |
Folkemøte / idèmyldring fordelt mellom bygdene |
Primært oktober-desember 2021 | Visjonen, mål og delmål til Gulen kommune 2022 – 2034. |
Folkemøte |
Primært i perioden oktober- desember | Miljø og Klima. |
Møte med andre kommunar |
Primært september 2021 | Korleis samhandle betre. |
Digital informasjon og innspel | Primært i perioden mai, juni, september, oktober | Temabaserte frå barn og unge , vaksne og eldre, næring, samfunnstryggleik (herunder klima og miljø), organisering av kommunen. |
Innspel
Send innspel til ny samfunnsplan til Gulen kommunen via:
- Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
- eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
- eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik