Seksjonering
Seksjonering er å dele opp ein eigedom i fleire eigarseksjonar, når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg. Kvar eigarseksjon representerer ein ideell sameigedel i eigedomen, med einerett til bruk av ei bestemt brukseining. Det kan seksjonerast til bustadseksjonar, næringsseksjonar eller ein kombinasjon av begge typar seksjonar.
Seksjonering kan gjennomførast med eller utan eksklusiv bruksrett til uteareal. Dersom det skal vere eksklusiv bruksrett til utearealet for meir enn 30 år, er dette oppmålingsplikt på jf. Matrikkelforskrifta §35.
Du kan søkje om seksjonering sjølv.
Krav til dokumentasjon
Det skal sendast inn 2 originalar (ev. attesterte kopiar) av fullstendig søknad med vedlegg.
- Utfylt skjema for ”Søknad om seksjonering” underskrive av den/dei som har heimel til eigedommen.
Trykk her for skjema til seksjonering
Trykk her for skjema til reseksjonering - Situasjonskart over eigedommen som skal seksjonerast.
- Planteikningar over kvar etasje med tydeleg avmerking av kva areal som skal høyra til den einskilde seksjon. Eventuelt tilleggsareal til bygning (TB) må også merkast på byggteikningar.
Vedlegg i 1 eksemplar:
- vedtekter for sameiget
- firmaattest
- eventuell fullmakt
Ved eksklusiv bruksrett til uteareal skal det i tillegg sendast inn rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Der det ligg føre tilfredstillande kart med koordinatfesta seksjonsgrenser kan oppmålingsforretningar utførast som ein kontorforretning.
Kva kostar det?
Pris på tenesta er bestemt i Lokal forskrift om gebyr for teknisk forvaltningsteneste i Gulen kommune.
Handsamingstid
Søknader vert behandla fortløpande, men med ein maksfrist på 12 veker etter fullstendig søknad er innkomen. Etter fristen er ute får kommunen reduksjon i gebyret.
Klage
Etter at du har fått vedtak i saka er det 3 veker klagefrist på vedtaket. Dette gjeld både ved positivt og negativt vedtak. Ved positivt vedtak kan likevel ikkje seksjoneringa verte sendt til tinglysing før klagefristen er ute.
Sende søknad
Søknad om seksjonering med vedlegg skal sendast/leverast i 2 eksemplar til:
- Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Du kan og levere søknaden til ekspedisjonsavdelinga på kommunehuset i Eivindvik.