Kunngjering/ Førehandsvarsel - ny lokal forskrift som regulerer fart for fritidsfartøy i Eivindvik
Bakgrunn
I ny forskrift om statlege fartsgrenser på sjøen gjeldande frå 1.1.2022 er det ikkje gitt eigne fartsgrenser i Gulen. Det innber at lokal forskrift https://lovdata.no/forskrift/1979-11-12-3232 frå 1979 der det er regulert fart til sjøs i Eivindvik er oppheva.
Kommunen må no vurdere om det skal fastsettast ny lokal forskrift som då berre vil gjelde for fritidsfartøy. Meir informasjon og vurderingar i saka kan du lese ved å trykke på dokumentlenken under:
Du kan komme med uttale i saka.
Uttalen må vere skrifteleg og kan sendast kommunen via:
Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no
eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Eventuell uttale må vere kommunen i hende seinast 09.02.2022.