Skulefritidsordning (SFO)
Søknadsfrist
Søknadsfrist til SFO er 1. april.
Slik søkjer du
Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO.
Kva kostar det?
Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter.
Kroner | |
Heil plass (Over 8,5 t per veke) | 2 420,- per månad |
Halv plass (Frå 2 t, til og med 8,5 timar pr. veke) | 1 210,- per månad |
Til og med 2 timar pr. veke | 475,- per månad |
Søskenmoderasjon | 30% barn nummer 2 50% barn nummer 3 eller fleire |
Tillegg | |
Matpengar | 150,- per månad |
Kjøp av enkeltmåltid | 30,- per måltid |
Kjøp av enkeltdagar | 310,- |
Kjøp av tilfeldige timar | 95,- per time |
Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månader pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.
Redusert foreldrebetaling
Vi gir reduksjon i foreldrebetalinga for SFO, slik at den per elev utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldet.
Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no
Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.
Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
Slik seier du opp plassen
Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO
Det er ein månads oppseiingstid.
Om tilbodet
Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.
SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule, gi dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.
- Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
- Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
- Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter
Vedtektene våre
Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Gulen kommune
Kva seier lova?
- Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om SFO
- Trykk her for å lese regelverket på Utdanningsdirektoratet sine heimesider
- Trykk her for å lese om kravet til politiattest for tilsette