HeimBarnehageSøkje plass

Søkje plass

Slik søkjer du 

Trykk her for å søkje barnehageplass 

Trykk her å sjå vedtekter for kommunale barnehagar

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. april.

Elles kan de søke heile året, og vi tek opp barn etter kvart dersom det er ledige plassar. Barnet beheld plassen fram til og med 15. august det året barnet vert skulepliktig.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Kva kostar det?

Full plass

Frå 1. januar 2021 kostar ein full barnehageplass 3 230 kroner per månad.

Redusert plass
  • 80 prosent plass = 2 584 kroner i månaden
  • 60 prosent plass = 1 938 kroner i månaden
  • 40 prosent plass = 1 290 kroner i månaden
Redusert betaling og søskenmoderasjon

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt.

Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Søskenmoderasjon:

  • Du får 30 prosent prisreduksjon på barn nummer to.
  • Du får 50 prosent prisreduksjon på barn nummer tre og fleire.

Matpengar og ekstra dag:

  • Kjøp av tilfeldige dagar: kr 300 per dag
  • Matpengar heil plass: kr 215 per månad
  • Matpengar deltidsplass: kr 43 i reduksjon per fridag i veka ift. matpengar heil pl.

Makspris:

Foreldre skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Makspris frå 01.01.2021 er fastsett til kroner 3 230 per månad.

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. april

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Opptak gjeld generelt fram til skulestart, om ikkje anna er nemnt i vedtaket. Oppseiing av plass – eller av delar av plass – skal gjerast skriftleg med minst 1 månads varsel. Oppseiing vil vere gyldig frå og med den 1. eller den 15. i kvar månad.
  • Kommunen kan seie opp plassen ved manglande foreldrebetaling. Slik oppseiing skal også varslast minst 1 månad før den vert gjort gjeldande
Slik seier du opp plassen din

Trykk her for å seie opp plassen din. 


Sist oppdatert: 22.01.2021
Publisert: 20.10.2020