HeimKultur og aktivitetFrivilligsentralane

Frivilligsentralane

Kva er Gulen frivilligsentral?

Sentralen koordinerar frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområder i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ynskjer å hjelpe og mange vil delta. Det frivillige arbeidet skal vere lagt opp etter arbeidet den frivillige ynskjer å utføre.

Vi held til i kommunehuset.

Dagleg leiar er Vivian Våge, og sentralen er plassert under eining helse i orgaisasjonskartet.
Kristin Kvamme Rasch er frivilligkoordinator.

Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralane å vere ein medhjelpar til dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske i kommunen vår.

Gulen Frivilligsentral skal ivareta alle, men har nokre hovudpunkt som satsingsområder:

  • Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å fremje folkehelse.
  • Mental helse.
  • Ung kultur møtes.
  • Den kulturelle spaserstokken.
  • Stimulere til frivillig innsats inn i eldreomsorg, integreringsarbeid, og anna. frivillige.

 Mål til Gulen frivilligsentral

  • Synleggjere sentralen som ein viktig ressurs
  • Utvikle møteplassar
  • Koordinere og informere i høve aktivitetar og arrangement
  • Stimulere til nye aktivitetar i samarbeid med andre

"Ingen idé er for liten, ingen idé er for stor." 

Ynskjer du å vere frivillig?

Gulen Frivilligsentral treng deg som ynskjer å vere frivillig
Har du litt tid du ynskjer bruke saman med andre?

Eg legg lite føringar for kva du skal bidra med. Det er viktig at du melder deg til ting du har lyst å jobbe med, og som vil gje deg noko positivt tilbake.

Har du interesseområder som born, eldre, lesing, synging, handarbeid, måling, gå tur, likar prate, køyre båt/bil, data, dans, mat, sport, steike vaflar eller anna blir eg glad for å høyre frå deg.

Kva kapasitet du har styrer du sjølv, om ein legg opp til enkelt hendingar eller om ein ynskjer gjere noko kvar veke, alt er opp til den frivillige.

For at Gulen Frivillig sentral skal kunne gje tilbod treng eg nokon som ynskjer bidra. Om ein er usikker eller tenkjer det er vanskelig, vil ein få nødvendig støtte og opplæring om ein ynskjer det (spesielt aktuelt innan omsorg).

Det er heilt sikkert nokon som vil ha glede av ditt bidrag.

Og er det noko du saknar som vi burde fått til?

Ta kontakt og fortel kva du brenn for!

Vivian Våge, leiar Gulen Frivilligsentral

Kontaktinformasjon

Ta kontakt på tlf. 57782066 / 57782073 eller mobil 90104139 (Kristin Kvamme-Rasch) eller e-post: vivian.vage@gulen.kommune.no eller kristin.kvamme.rasch@gulen.kommune.no dersom du ynskjer å komme i kontakt med frivilligsentralen.

 


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 20.10.2020