HeimKultur og aktivitetUKM - Ung kultur møtast

UKM - Ung kultur møtast

UKM er ein møteplass for alle kulturuttrykk, der eigenaktivitet og meistring står i sentrum, og der ungdom sjølv skal vere aktive i alle prosessar. Tyngdepunktet i UKM er lokale mønstringar, fylkesfestivalar og ein nasjonal festival

Lokal mønstring

UKM Gulen blir arrangert på Dalsøyra samfunnshus 10. mars 2023.
Aldersgrensa er 10 – 20 år.

Fylkesfestivalen i Sogndal blir arrangert 28. – 30. april 2023, for dei som går vidare.
Aldersgrensa er 13 – 20 år.

Vi ynskjer er at flest mogleg melder seg på UKM – mønstringa på Dalsøyra. Det vil i mars 2023 bli holdt UKM-Lokalt i Gulen kommune, dette er ein kveld med innslag frå barn og ungdom, der ein kan bli sendt vidare til Fylkesmønstring i Sogndal! Det er veldig spennande!!!

Workshop

Workshop – er ei plattform for å få barn og unge i Gulen kommune til å samlast, f.eks. kunstworkshop, danseworkshop, fotoworkshop. Dette er ein fin plass å få inspirasjon. Det er sjølvsagt gratis. Påmelding til workshop blir sendt ut til skulane og facebook med informasjon om påmeldingsfrist, dag, tidspunkt og møteplass.

Melder ein seg på workshop, betyr det IKKJE at du er påmeldt UKM – mønstringa lokalt. Workshop er kun eit gratis-kurs for å samle barn og unge for å møtast og få inspirasjon.

Meir informasjon om dei ulike workshopane finn du på lenkene under: 

Påmelding:

  • Gå inn på nettesida www.ukm.no
  • Logger deg inn
  • Finner UKM Gulen
  • Her finner ein ulike arrangementa som ein kan melde seg på. Til dømes: Workshopa eller UKM Gulen (lokalmønstring).
  • Navn og nr.

Sist oppdatert: 22.11.2022
Publisert: 08.03.2021