Energisparing

8 gode grunnar til å spare straum

  1. Det gjev lågare straumrekning og kan spare deg for nokre tusenlappar i året.
  2. Det kan redusere behovet for kraft- og nettutbygging.
  3. Det kan redusere nedbygging av natur og sårbare økosystem.
  4. Det bidreg til bevaring av artar når deira leveområde ikkje blir bygde ned. Mange artar treng store samanhengane naturareal og lever i symbiose med andre artar for å overleve.
  5. Det redusera klimaskadelege karbonutslepp.
  6. Det frigjer energi til å erstatte fossil energi i andre sektorar.
  7. Det redusera avfall frå energiproduksjon. Visste du til dømes at turbinblada på vindturbinar, som stort sett er laga av glasfiber, per i dag ikkje kan resirkulerast, men må gravast ned? Kjelde: NVE
  8. Det bidreg til betre helse ved å redusere forureining, fysiske naturinngrep og tap av natur, som vi menneske bruker til rekreasjon.
  9. Gjev deg ei enkel moglegheit til å vere med i kampen om å bevare natur og redusere klimagassutslepp.

 Tips til ein meir energivennleg kvardag

Senk temperaturen i heimen

Visste du at heile 50-70 % av energibruken i heimen går til oppvarming? Men for kvar grad du senkar temperaturen, kan du til dømes spare opp til 5 % av straumforbruket til oppvarming.

  • Skru ned varmen nokre grader i opphaldsrom om natta og når du ikkje er heime. Men ikkje under 16 grader. Då kan det krevje meir energi å få opp varmen igjen enn det du har spart. Lag gjerne temperatursoner. Opphaldsrom som stove og kjøkken: 20 – 22 grader, gang og soverom: 15 – 16 grader og bad: 22 – 24 grader. Termostatar og temperaturmålarar er nyttige for å måla temperatur i heimen.
  • Slå av varme i rom du ikkje bruker. Vurder om du eigentleg treng å ha på varm i gangen som du berre går igjennom, eller på hobbyrommet som sjeldan blir brukt.
  • Vask klede på lågare temperatur. Forsking viser at tøy som ikkje er spesielt skittent kan fint vaskast på 30 grader og bli reint. Det slit også mindre på kleda. Vask på høgare temperatur i ny og ne for å førebygge bakteriar i vaskemaskina. Sett alltid dør og såpeskuffe open så det tørkar mellom vask, dette for å unngå oppbygging av bakteriar i maskina.
  • Gløymer du lett å slå av lys og senke varmen? Då kan eit energistyringssystem kanskje vere løysinga.
  • Frys du lett? Bruk tøflar, ullpledd eller ta på deg ei trøye, før du skrur opp varmen.
Bruk mindre vatn

Vi har det godt i Noreg med reint vatn frå krana. Men ferskvatn er ein avgrensa ressurs og produksjon av drikkevatn krev også energibruk. Energieffektivt utstyr kan redusere vassforbruket ditt med over 40 %, men den aller viktigaste jobben kan du gjera sjølv. Tips for å spare på varmtvatnet.

  • Spar på vatnet generelt. I 2022 brukte me 171 liter per person per døgn i Noreg. Ta kortare dusjar og skru av vatnet når du såpar deg inn, vaskar opp grytene eller pussar tennene. Fyll opp vaske- og oppvaskmaskin før du vaskar.
  • Må du ha nytt dusjhovud – skaff deg ein sparedusj. Den kan hjå mange halvere vassforbruket. Det er også mogleg å redusere vassmengda til dusjen gjennom å montere ein vassmengdeavgrensar mellom dusjslangen og armaturet.
  • Reparer drypande vasskraner og toalett som står og sildrar. Ein drope i sekundet kan bli til 7000 liter i året.
  • Samle på regnvatn i store behaldarar og tønner til hagen og stoveplantane dine. Plantane liker også betre regnvatn enn vatn frå krana. 
  • Neste gong du må ha ei vaske- eller oppvaskmaskin, sjå etter energieffektive kvitevarer. Dei bruker ikkje berre mindre energi men også mindre vatn. Moderne vaskemaskiner kan bruka opp mot 60 liter vatn per vask, medan det tidlegare var vanleg med vassforbruk rundt 200 liter per vask.
Energieffektivt bruk av lys og elektrisk utstyr

Der er mange ting vi som enkeltpersonar kan gjera i heimen for å vere meir energieffektive og samtidige spare pengar. Her er tips til noko av det du kan gjera.

  • Skru av lys i rom som ikkje er i bruk. Ei lyspære som står på i nokre timar utgjer ikkje mykje straumbruk med dagens LED-lys, men det er summen av alt som gjer utslag. Ifølgje Enova kunne ein bruka meir straum ved å slå av og på lyset etter ein kort periode, då me nytta sparepærer og lysrøyr. Men med dagens LED-belysning er det ikkje aktuelt. Og så handlar det om å lage seg gode vanar der ein kan. Alle monner dreg.
  • Bruk energieffektive ledlys. Dei kan vera opptil 80 % meir energieffektive enn lysstoffrøyr.
  • Spar mykje straum ved å installere ei varmepumpe. Dei utnyttar gratis energi frå omgivnadane. Du får også ein sunnare heim med betre inneklima.
  • Slå av elektriske apparat som står på standby – dei trekker nemleg også noko straum. Det er ikkje mykje for kvart apparat, men i løpet av eit år kan det bli ein del med fleire apparat. Dette gjeld elektriske apparat som TV, video, stereoanlegg, verktøy, mobilladarar, pcar og anna.
  • Sjå etter energimerking når du skal kjøpa nye eller gjenbrukte kvitevarer: Kvitevarer er merkte frå A til G der A er best på energisparing og G dårlegast. For kjøle- og fryseapparat finst i tillegg klassane A+  og A++  . Eit A++ kjøleskap bruker 40 % mindre straum enn eit A kjøleskap og 55 % mindre enn eit B kjøleskap. Kjelde: Enova
  • Oppvask- og vaskemaskiner har gjerne eco-program som bruker mindre energi – bruk det. Eller bruk kortare vasketid når ting ikkje er så skittent. Ull er sjølvreinsande og kan hengast til lufting viss det ikkje er fysisk skittent.
  • Bruk produkt til dei ikkje verkar eller lèt seg reparere og kjøp brukt om du har høve til det.
  • Slå av utelyset og bevar mørket. Mørke er nemleg viktig for dyr, plantar og menneske. Utelys heime eller på hytta fører til lysforureining, eit aukande problem for dyr og plantar. Slå av utelys når det ikkje trengst eller når du ikkje er på hytta, eller skaff deg eit lys med rørslesensor. Då vil lyset berre slå seg på når rørsle skjer nær lyskjelda og slå seg av kort tid etter. Det finst LED-pærer med rørslesensor, så du treng ikkje skaffa deg ny utelampe. Rett utelyset nedover så det ikkje lyser opp store område, ha så lågt lysnivå som mogleg og bruk gul/varm fargetemperatur på lyskjelda. Les meir om lysforureining her.
Produser din eigen energi

Sola kan ikkje berre brukast til å gje oss menneske energi, ho kan også brukast til energiproduksjon i heimen. Å produsere sin eigen energi frå fornybare kjelder der energien skal brukast, gjev lågare energibruk, og mindre miljø- og klimabelastande utslepp totalt sett.

Solenergi er ei gratis og fornybar kjelde, som i seg sjølv, ikkje har miljø- og klimabelastande utslepp. Den miljøbelastande kostnaden finn ein likevel ved produksjon av solcellepanel. Men bruk av solceller har flest fordelar. Set du opp solcellepanel reduserer du mellom anna behovet for å bruke straum frå straumnettet, du unngår naturinngrep og miljø- og klimaskadelege utslepp.

Solkraft utgjer i dag ein liten del av kraftproduksjonen i Noreg, men er for tida i rask vekst. Berekningar frå det internasjonale energibyrået IEA viser at det normalt tek mindre enn to år før solcellene har produsert like mykje energi som ein treng for å produsere dei. Men med ei levetid på 25-30 år er miljøgevinsten høgare enn miljøbelastninga.

  • Solcellepanel: Blir brukt til å fange energien frå sola for å produsere elektrisitet. Du kan dekke delar av ditt eige straumbehov gjennom året, avhengig av forbruket. Er produksjonsanlegget tilkopla straumnettet kan straumen du sjølv ikkje bruker seljast til straumselskapet.
  • Solfangar: Solfangarar bruka solenergi til å varma opp hus og tappevatn. Anlegget blir montert på tak eller vegg, og utnyttar energien i strålane til sola til å varma opp vatnet i eit vassbore system.
  • Passiv solvarme: Slepp sola inn. Når sola varmar opp inventar i heimen lagrar den solvarmen, som igjen vil varme opp rommet. Passiv solvarme er den forma for solenergi som per i dag er mest utnytta i Noreg, og bidreg med 3-4 TWh i den norske bygningsmassen. Dette svarer til mellom 10 og 15 % av oppvarmingsbehovet. Kanskje kan passiv solvarme utnyttast meir?

Visste du - Kvart år får jorda 15 000 gongar meir energi frå sola enn det jordas befolkning brukar til saman. Sjølv i Noreg der sola ikkje alltid skin gjev sola 1500 gongar meir energi enn det vi brukar. Kjelde solenergi.no

Energi frå berg- og jordvarme

Når sola varmar opp fjell, jord og sjø blir energien lagra der. Denne varmen kan vi henta ut og utnytte til oppvarming i heimen.

Med ei væske-til-vatn-varmepumpe, også kalla bergvarmepumpe, jordvarmepumpe eller sjøvarmepumpe, vert varmeenergi lagra i fjell, jord eller sjø nytta til å varma opp vatn til radiatorar eller vassboren golvvarme. Oppvarming med ei slik varmepumpe gjev lågare energibruk enn ved bruk av straum frå nettet. Ein vil dermed over tid kutte kostnadar.

Både solcelleanlegg, og berg-, jord- og sjøenergi kan vere ei kostbar investering, men som over tid vil vere lønsam. For informasjon om tilskotsordningar sjå www.enova.no 

Kjelde: NVE, Norsk solenergiforening, Varmepumpeforeningen og Enova

Støtteordningar for energitiltak

Enova har nokre tilskotsordningar for privatpersonar som ønsker å gjera gode energi- og klimatiltak.

Sjekk dei ulike støtteordningane og andre energisparetips her.

For tida kan du mellom anna søkja om støtte til

Slik fyrer du rett med minst utslepp

Fyrer du rett kan vedfyring vere meir miljøvennleg enn å varme opp med straum. Ved er ei fornybar energikjelde som ofte blir henta lokalt. Høgg du veden sjølv, varmar den i tillegg to gongar. Men vedfyring gir også skadelege utslepp og forureining.

Når du fyrer rett, får du meir varme ut av veden og du reduserer samtidig dei skadelege utsleppa. Rett fyring vil redusere behovet for elektrisk oppvarming, og vil i tillegg redusere forbruket av ved. Energisparing i praksis.

  • Må du ha ny vedomn? Sjå etter ein reintbrennande omn eller ein omn som er Svanemerka. Dei brenn opp meir partiklar og utnyttar omtrent 80 % av varmeenergien i veden, mot 50 % i eldre omnar.  Reintbrennande omnar gjev også 90 % mindre partikkelutslepp enn gamle omnar. Dei gir med andre ord mindre skadelege utslepp og gir deg meir varme for kvar vedkubbe.
  • Bruk tørr ved. Tørr ved gjev optimal forbrenning og mindre utslepp. Brukar du fuktig ved (med meir enn 20 % fukt) blir sot- og partikkelutsleppa 10 til 30 gonger større. Eit teikn på at veden brenn best mogleg er at flammane er klare, delvis gjennomsiktige og har ein blåtone.
  • Opptenning frå toppen. Legg dei tørre vedkubbane nedst, deretter ei blanding av opptenningsved og til sist litt småkvist eller opptenningsbrikettar øvst. Spon frå reint tre, vedbrikettar utan tilsetningsstoff kan også brukast. Litt luft mellom pinnane er heilt avgjerande for ei god og miljøvennleg opptenning.
    Opptenning frå toppen gjev ei raskare oppvarming av brennkammeret, som gjer at ein hurtig får god trekk i omnsrøyr og pipa, meir oksygen til flammane og høgare temperatur. Flammane på toppen sørger for å varme opp kubbane under, slik at dei gjev frå seg nokre gassar, som gjer at bålet brenn og blir ved like halde.  Å fyra frå toppen gjev mindre sot og oske, sikrar betre lufttilførsel og gjer at første forsyninga av ved varer lengre.
  • Sørg for at det er god nok trekk og nok luft inn i huset. Omnen må ha nok luft til forbrenninga. Kjøkkenvifte og ventilasjonsanlegg som dreg luft ut av huset reduserer trekken i pipa . Opne alle ventilar i omnen. Sett gjerne døra på gløtt dei første minutta til det brenn godt.
  • Kjøp kortreist og norsk ved eller produser din eigen om du er heldig å ha litt skog.

Hugs -  å gjenplante nye tre som er tilhøyrande i området og la store, gamle tre bli ståande. Tre kan drikka opp mot tusen liter vatn under ei regnbye og redusere faren for flaumar. Tre fangar også klimaskadelege CO₂, vernar mot vind, gjev skugge og er heim og tilhaldsstad for ulike artar.

Kjelder: Sintef, Norsk varme og Feiermesterens landsforening

Tips - å vaske sot av vindauga i peisen eller vedomnen kan vera vanskeleg. Men med ei samankrølla avisside dynka med litt vatn og dyppa i oska frå omnen, vil du normalt lett kunna polere av soten. Då unngår du også bruk av skadelege kjemikaliar.

Helseskadeleg svevestøv

Med vegtrafikk er vedfyring den viktigaste kjelda til svevestøv. Svevestøv kan føra til ulike helseskader som hjertekar- og luftvegslidingar. Det består av partiklar som varierer i storleik og samansetning, og både storleiken og dei kjemiske eigenskapane til partiklane avgjer kor helseskadeleg svevestøvet er. Å fyra med rein ved og tre som ikkje er behandla med noko, er viktig for å redusere dei skadelege partiklane i svevestøvet. Svevestøv går ikkje berre ut til luft gjennom pipe, men kan også redusere kvaliteten på innemiljøet, viss ein fyrer feil.

Kjelde: Folkehelseinstitutet

Spar energi i eldre hus

Eldre hus treng ei anna tilnærming enn nyare hus når det gjeld energisparing. Her trengst kanskje litt fleire fysiske inngrep, men mykje av det gamle kan ofte bevarast for å samtidig behalda den materielle og kulturhistoriske verdien i eldre bygg. Gamle materiale kan nemleg ofte ha ein betre og meir haldbar kvalitet enn dagens.

Rekkefølgja på tiltak, kan avgjerast av tilstanden på bygningen, kva som er mest skånsamt for bygningen og kva som gjev mest energisparing. Er det behov for større vedlikehaldsarbeid, bør dette alltid kombinerast med gode energisparetiltak.

Energisparing ved eldre hus betyr også å ta vare på dei eldre husa og materiala, som allereie er nytta. Ved nyutvinning av materiale til nytt hus krevst det mykje ny energi- og ressursbruk.

Reduser varmetapet i eldre hus med etterisolering, monter tetningslister rundt vindauge og dører eller nye vindauge viss dei gamle er for dårlege. For å gjenbruka ressursar og bevara eldre vindauge med eitt glas, som ofte kan ha ein god kvalitet og verneverdi, kan ein montera varevindauge på innsida.

Ei rekkjefølgje på prioriteringar for energisparing i eldre hus kan vera:

  • Temperaturstyring
  • Tetting
  • Utbedring av vindauge
  • Etterisolering av golv og tak
  • Etterisolering av veggar

Les meir om gode ENØK-tiltak og energisparing i eldre hus på nettsidene til  Riksantikvaren og Bygg og bevar

Tips - Sjekk bustaden med eit varmekamera, så ser du kvar det lek mest varme og kvar du bør setje inn energisparande tiltak. Det kan ofte vere enkle ting som tetningslister rundt vindauga. Eit varmekamera kan leigast for nokre hundrelappar, eller få fatt i ein energirådgjevar som kan ta eit fargerikt bilete av huset med eit termokamera.

Litt fakta og tal om energi

Klimagassutslepp frå energiproduksjon utgjer den største delen av det totale klimagassutsleppet i verda. Men med den høgaste delen fornybar straum i Europa, der vasskraft står for mesteparten av kraftproduksjonen, står Noreg i ein unik posisjon. Import av straum frå fossil kraftproduksjon i energimiksen frå Europa fører likevel til auka klimagassutslepp på energien som blir brukt i Noreg.

Vi treng meir energi i framtida og alle er samde om at det er viktig å spara energi av omsyn til miljø og klima. Det blir likevel ofte nedprioritert av styresmakter til fordel for ny kraftproduksjon, som igjen gjev nye miljø- og klimabelastande utslepp. Derfor vil det beste miljøvalet alltid vere å først redusere forbruket av energi og energieffektivisera der vi kan.

Energieffektivisering i bygg kan til dømes vere etterisolering av kaldloft, natt- og helgesenking av temperatur, energieffektiv belysningsutstyr, tiltak på ventilasjon og energioppfølging elles. Både i private og alle andre bygg.

Typisk for mange av dei fornybare energikjeldene er at dei er spreidde over store areal og det krev store naturinngrep for å ta dei i bruk, noko som gjer at utbygging av fornybar energi er skadeleg for naturmangfald og landskap. Ved nedbygging av natur og areal, vert det også reduserte moglegheiter for naturleg opptak av karbon i framtida. Ifølge FNs naturpanel er arealendringar den største trusselen mot tap av natur- og artsmangfaldet i verda. Menneskelege inngrep har ført til at 50 % av jordas naturlege økosystem har vorte øydelagde dei siste 50 åra.

Avfallsproblem som med mellom anna vindturbinar skapar også ei enorm utfordring. Rotorblada er mellom anna laga av glasfiber og kan derfor per i dag ikkje resirkulerast. Dei blir gravne ned og endar opp på store «Rotorbladkyrkjegardar» - også i Noreg. Kjelde: NVE

NVE - Noregs vassdrags- og energidirektorat skriv på nettsida si at – «Energieffektivisering kan forhindra at ein bygger dyr og potensielt unødvendig infrastruktur». Analysar frå NVE viser mellom anna at det er eit effektivitetspotensiale bare i bygg på 13TWh, til ein kostnad under 1kr/KWH. Dette svarer til rundt 10 % av Noregs straumforbruk.

Andre tal viser i ein studie frå 2019 der NTNU har rekna ut at det framleis kan sparast 39 TWh/år fram mot 2050, berre ved reduksjon i energibruk og klimagassutslepp frå den norske bygningsmassen.

Sjølv om vi bruka fornybar energi er dette framleis ein knapp ressurs, og energieffektivisering, straumsparing og privat kraftproduksjon er noko av det viktigaste vi gjer for å redusere energibehovet og inngrep i natur. Både som privatpersonar, i det offentlege og i industrien.

Tips - På desse lenkjene kan du finna fleire konkrete tips for straumsparing og energieffektivisering i heimen og på arbeidsplassen Energismart - Sparenergi


Sist oppdatert: 03.07.2024
Publisert: 18.06.2024