Klimavennleg transport

Gå eller sykle når du kan

Vi bur i ein kommune med store avstandar. Men har du kortare avstand til arbeid, eller andre gjeremål, kan det å sykle eller gå redusere utslepp og vere det beste for miljøet. I tillegg er det godt for helsa og lommeboka di.

Ifølgje helsedirektoratet vil minst 30 minutts aktivitet, tilsvarande hurtig gonge, kunne forbetre helsa di betrakteleg. Sykling til og frå arbeid er assosiert med ca. 30 % lågare risiko for tidleg død. Å gjere framkomstmåten til dei daglege gjeremåla dine til ei lita treningsøkt, kan med andre ord vere bra på mange måtar.

Elsykkel

Med ein elsykkel blir syklinga enklare, viss du har litt tung veg til gjeremåla dine. Elsyklar kan kjøpast i ulike prisklassar i sportsbutikkar eller ulike kjedebutikkar. Vil du prøve ein elsykkel før du kjøper, har BUA i Gulen hybridsykkel til gratis utlån i ei veke.

Fakta Vegtrafikken står for 17 % av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Omtrent halvparten av utsleppa kjem frå personbilar, resten frå transportsektoren.

Oversikt klimagassutslepp frå transport

Transport står totalt for 34 % av norske klimagassutslepp. Lågare forbruk som gir mindre varetransport, meir sykling og gåing til gjeremåla våre og reise med elektriske køyretøy, kan redusere utsleppa dine.
Kjelde: Miljødirektoratet.

Samkøyring

Det er lett og sosialt å samkøyre. Både for store og små. Samkøyring reduserer slitasje på vegar og miljø- og klimaskadelege utslepp frå vegtrafikk. Her er forslag til korleis du kan tilby eller bruke samkøyring.

  • Lag samkøyringsavtalar med familie, venner, nabo eller kollegaer. Lag gjerne ei lukka gruppe i til dømes sosiale medium, der de lett kan avtale samkøyringa.
  • Finn eller opprett opne samkøyringsgrupper i sosiale medium.
  • Logg deg inn eller last ned ein app for samkøyring, som Samtur. Her kan du tilby eller etterspøre etter turar.

Fakta - Bilkøyring fører til utslepp av klimagassar, mikroplast frå bildekk, helseskadelege stoff som nitrogenoksid (NOx) og svevestøv. Tal frå Miljødirektoratet viser eit klimagassutslepp frå vegtrafikk frå personbilar i Gulen har gått litt ned i dei seinare åra.
I 2022 var køyring med personbil i Gulen fordelt på drivstofftypar: Diesel 61,4% - Bensin 19,4% - El-bil 10,9% - Hybrid 8%.
Få ladestasjonar kan vere ei medverkande årsak til den låge elbilandelen i Gulen.

Bildeling

Brukar du ikkje så ofte bil, kan bildeling vere noko for deg. Norske bilar står nemleg i snitt stille i 90 % av tida. Løysinga er ikkje berre miljøvennleg, men sparer deg for mykje pengar, sidan du ikkje treng å eige ein bil sjølv.

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at 1 delebil i ein bildelering erstattar 10 til 15 personbilar i Bergen. Mindre bilar på vegane betyr også redusert miljøkostnad ved produksjon av fleire bilar, mindre slitasje på vegar og mindre behov for nye vegar.

Bildeling med familie eller venner

Å ha bil er både dyrt og tidkrevande med vedlikehald, dekkbyte og reparasjonar. Ved å dele ein bil med familie eller venner kan de dele på utgiftene. Lag gjerne ein skriftleg avtale så der ikkje er tvil om avtalen de inngår. Hugs å ha nødvendige forsikringar i orden.

Med Tapcar kan du dele bilen privat med venner og kjende. Ordninga er på noverande tidspunkt ikkje tilgjengeleg i Gulen.

Bildelering

Ein bildelering er det ofte eit selskap som driv. Dei eig bilane, medan du som medlem kjøper tilgang til bilen i den perioden du treng han.

Prisen for å bruke ei bildelingsteneste er som regel rimelegare enn vanleg bilutleige og går føre seg via ein app. Pris består gjerne av ein kombinasjon av ein fast medlemspris, pris per kilometer og pris per time eller døgn du bruker bilen. 

Privat bilutleige

Med getaround kan du leige ut bilen din. For å kunne leige ut blir det stilt visse krav til bilen. Den må mellom anna ha ein kilometerstand på under 200.000 km og vere under 15 år gamal.

Du kan også leige ut bilden din sjølv utan å gå via ei ordning. Hugs då å ha forsikring i orden, som dekker skadar ved utleige.

Leiger du ut for meir enn 10 000 kroner i året må du skatte av heile beløpet. Men kjem du over denne grensa vil du også ha høve til å trekke frå utgifter knytt til utleige. Det inkluderer blant anna klargjering før utleige og frådrag for køyrde kilometer.

Les meir om kva som gjeld for deg som leiger ut bil og andre gjenstandar på nettsida til skatteetaten.

 

Bilde viser vekst i bildeling i Noreg 2016-2021. Delebilar, brukarar og bestillingar.

Kjelde - Bildeling - Tiltakskatalog for transport og miljø

Elektriske køyretøy og ladestasjonar

Har du eller vurderer du å skaffe deg ein el-bil? Ein elektrisk bil har i dei fleste tilfella mindre totale utslepp enn bensin- og dieselbilar.

Ein elbil har ingen direkte utslepp når han er i bruk og gir derfor mindre forureining, men kan ha utslepp i samband med straumproduksjon og batteriproduksjon. All bilkøyring gir også utslepp av mikroplast frå bildekk. Bildekk er største årsaka til mikroplastutslepp i Noreg.

Produksjon av batteri krev mykje energi og dette fører til at elbilar gjerne har eit høgare utslepp av CO2ved produksjon enn konvensjonelle bilar. Men sidan elbilen ikkje har nokon direkte utslepp når han er i bruk vil elbilen stort sett vere meir klimavennleg enn bensin- og dieselbilen dei første åra i bruk. Kor mykje meir klimavennlege elbilen er avheng av grada av fornybar energi i straumforsyninga, både i produksjons- og bruksfasen. Les meir om kor miljøvennleg elbilane er her.

Ladestasjonar

Vi er ikkje bortskjemt med mange ladestasjonar i Gulen. Men dei finst. Kart over ladestasjonar finn du her. Alt om elbil, lading og ladekart finn du også hos Norsk elbilforening.

Støtteordningar

Hjå Enova kan du søke om støtte til elmotorsykkel eller elmoped.

Om fly, klimavennleg reise og ferie

Å fly er den mest miljø- og klimaskadelege transportforma, per person per kilometer. Her er nokre tips til korleis du kan redusere klimafotavtrykka dine, når du skal reise langt eller ha ferie.

Graf - oversikt over utslepp ved reise

Luftfart er den største kjelda til klimagassutslepp når du skal ut å reise. Bilete er frå NHO Reiseliv og rapporten Klimarapport norsk reiseliv 2021.  Kjelde: Statistisk sentralbyrå

  • Avgrens flyturane dine med å fly sjeldnare og ta lengre ferie. I staden for 2-3 tre småferiar i året, som krev flyreise, kan du redusere det til éi lengre flyreise sjeldnare.
  • Reis sakte. La sjølve reisa bli ein del av opplevinga når du skal ut å reise. Reis med kollektiv transport som buss og tog når du kan. Det redusere utsleppa per enkeltperson betrakteleg. Nordmenn har også ein høgare del innanlands flygingar enn dei fleste andre land. Då spesielt mellom dei store byane, som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Noregs geografi og store avstandar må ta mykje av skulda for det. Men som enkeltpersonar kan vi bruke kollektiv transport og bruke reisemiddel med lågare utslepp mykje meir.
  • Ta deg ein Staycation. Eit utrykk som blir brukt når du held ferien heime. Ta dagsturar, utforsk nærområdet eller ta deg ein hageferie. I Noreg, og ikkje minst Gulen, kan du få nokon av dei finaste naturopplevingane i verda. Den Norske Turistforeininga arrangerer også felles turar og aktivitetar, for alle aldersgrupper.
  • Du kan også ta ein kortreist ferie og dra på hyttetur utan eiga hytteStatskog har ei rekke nytter og opne buer rundt i landet. DNT har også ei rekke hytter i Noreg. Dessverre ligg ingen av dei i Gulen. På ut.no finn du også ei rekke turforslag og hyttar – også i Gulen. På finn.no og airbnb.no kan du leige hytter, både av private og kommersielle aktørar.

Tips - Du kan berekne klimagassutsleppa dine med ulike reisemetodar, med feriekalkulatoren Klimasmart semester. Den tek også omsyn til talet på overnattingar. 

Skjermbilete frå flightradar24

Bilete over viser eit sanntidsbilete frå flyovervakingstenesta flightradar24, viser flygingar over Europa.
Foto: Skjermbilete frå flightradar24 .

Kollektiv transport

Det finst ikkje mange tilbod for kollektiv transport i Gulen. Men vi har hurtigbåt, lokale rutebåtar og bussar som gjerne korresponderer med båtane.

Skyss har ansvaret for det offentlege kollektivtilbodet i Vestland og Gulen kommune. Sjekk Skyss.no for rutetilbod og Norled.no for hurtigbåtar.  


Sist oppdatert: 27.09.2024
Publisert: 27.09.2024