Tekstilar og kler

Tips til å redusere miljø- og klimabelastning ved å redusere kle forbuket
  • Bruk det du allereie har. Ta ein titt lengst inne i skapet før du kjøper nytt.  
  • Kjøp brukt når du treng noko nytt. Då bruker du ressursar som allereie er tekne ut. På nett finst mange moglegheiter som www.finn.no, www.tise.no eller eigne sider i sosiale medium. Bruktmarknadar er også gode stadar å leita etter brukte tekstil, klede og sko. 
  • Unngå tekstilar basert på plast/olje,som polyester, elastan, polyamid, akryl, nylon, spandex med fleire. Tekstil laga av plast, både resirkulert og ny plast, vil sleppa ut mikroplast ved bruk og kvar gong det vert vaska. Men bomull krev til dømes også store mengder vatn og mykje kjemikaliar ved produksjon. Ull er naturmateriale, og dei sjølvreinsande eigenskapane til ulla gjer at det ofte held å lufta den. Dermed er den også energi- og kjemikaliebesparande når den ikkje treng å bli vaska like ofte. Ull passar også ypparleg til treningstøy. 
  • Byt, del og lån. Arranger bytefest eller bytelån med venner. 
  • Reparer og sy om. Bruk kleda lengst mogleg. Spør om venner eller familie kan fiksa om du ikkje kan sjølv. Eller etterspør sy- og fiksetenester der du bur. 
  • Kjøp mindre nytt. Set ei maksgrense på til dømes tre nye plagg i året og vurder eit heilt kjøpefritt år. 
  • Unngå tekstil og klede med miljø- og helseskadelegeperfluorerte stoff (PFAS-er). PFAS-er gir produkt vass- og smussavstøytande eigenskapar og blir derfor brukt i ei rekke forbrukarprodukt som i vass- og vindtette tekstil og klede, matvareemballasje, slippbelegget i gryter og steikjepanner, reingjeringsprodukt, måling, kosmetikk med meir. Stoffa er lite nedbrytbare. 
  • Etterspør og kjøp merke utan miljøgifter. Ei liste overmerke som ifølgje dei sjølv ikkje bruker PFAS finn du her. Lista skal oppdaterast regelmessig. 
    OBS -Klede og sko som skal vere vasstette og smussavstøytande kan innehalde miljøgiftige PFAS-er i både overflateimpregnering, vasstette membranlag ogglidelås. Men ikkje kast slike klede eller sko du allereie har. Mesteparten av utsleppa skjerførste tida dei vert brukt.Er det behov for å impregnere kle og sko på nytt, bruk sprayimpregnering utan flourkarboner (PFAS). 
  • Kjøp miljømerka. Tekstilprodukt vil framleis ha ei belastning på miljø og klima, som ved arealbruk, transport og vassforbruk, men mindre belastande enn ved konvensjonell produksjon. 
  • Økologisk bomull er til dømes produsert utan kjemikaliar, men treng mykje vatn som kan vere avgrensa i område der det blir dyrka. Mange land har heller ikkje krav om reinsing av vatn frå produksjon, som då blir sleppte ut fulle av skadelege kjemikaliar og går inn i det lokale drikkevatnet. Tekstilproduksjon står for 20 % av vassforureininga frå industriane i verda. 

  • Miljømerke for klerNokon miljømerker for klede, som mellom anna stiller krav til at tekstila er mindre miljøbelastande og bruker mindre helseskadelege kjemikaliar.  
  • Kjøp kvalitet som varer. Merkevarer og pris er ikkje alltid avgjerande for om eit produkt er betre  og mindre miljøbelastande. Men klede laga av plast er til dømes ofte rimelegare enn klede laga av naturfibrar. Sjå og kjenn på produktet. Er det ei tynn bomullstrøye vil ho sannsynlegvis slitast ut før ei tjukkare bomullstrøye. Ei god ulljakke har mindre miljøbelastning enn ei jakke laga av polyester/plast. Og eldre, brukt tekstil kan ofte også ha betre kvalitet enn dagens klede,samtidig som dei inneheld lite plast. 
Fleire fakta om tekstilproduksjon

Produksjon av tekstil og klede har eit høgt forbruk av vatn og kjemikaliar, det forureinar vatn og jord, og påverkar areal og det biologiske mangfaldet. Klede påverkar miljøet både når det blir produsert og brukt.

Moteindustrien, kjøpepress og dei stadig oftare nye kolleksjonane fører til mykje bruk og kast, og dårleg kvalitet fører til ekstreme mengder med tekstilavfall. Tekstilproduksjon fører også til enorme mengder forbruk av vatn, gjerne i område der vatn er ei mangelvare.

I samarbeidsprosjektet Wasted Textiles, som har som mål å bidra til å redusere bruken av syntetiske tekstil og mengda som kjem på avvegar, har ein funne ut at over halvparten av tekstilane vi kastar verken er veldig slitt eller øydelagd. Undersøkinga viser mellom anna at me kastar 9 kg per person i Noreg per år. 65 % av det var av så god kvalitet at dei kunne vorte brukte på nytt. I tillegg kjem alt det me gjer vekk

Europeisk tekstilforbruk står for den fjerde største effekten på miljø og klima, etter mat, bustad og transport. Sektoren står for den tredje største bruken av vatn og areal. Tekstil er dessutan den femte største sektoren i bruk av råmateriale og utslepp av drivhusgassar (EU).

For første gong har forskarar sett på samanhengen mellom norske hushaldningsforbruk og utryddinga av artar på verdsbasis. Rapporten viser mellom anna at miljøkonsekvensane i første rekke kjem av eit stort vassforbruk under produksjon og bearbeiding av fibrar, bruk av sprøytemiddel, høgt energiforbruk og store avfallsmengder. Men talet på kor mange gonger eit plagg faktisk blir brukte, kor ofte det blir vaska og kva som skjer når det ikkje lenger er i bruk, har også stor betydning for miljø- og klimabelastning.
Grafen viser artstap frå forbruket av sko og klede for Noreg, EU og eit utval europeiske land. Vi ser at Noreg ligg noko over gjennomsnittet.
Kjelde: Rapport frå Sintef; Hvordan norsk forbruk utrydder arter.

Fakta - Omtrent 20 – 35 % av mikroplasten i havet kjem frå mikrofiber i syntetiske plastklede og tekstil, både frå bruk og vask. 97 % av dei brukte kleda som vi leverar inn blir eksporterte til andre land, der mykje av det endar på store landsfyllingar, utan forsvarleg avfallshandtering.

Største miljøbelastningane skjer ved farging, impregnering og overflatebehandling ved produksjonen. Dette krev både mykje energi, vatn og kjemikaliar som i mange land blir spylte rett ut i naturen og går i grunnvatnet. Det er særleg klede med ekstra funksjonar, som; antibakterielle, odørkontrollerande, kompresjon, vind, vatn og skittavvisande som er ille.

 


Sist oppdatert: 22.08.2024
Publisert: 10.07.2024