Eigedomsskatt

Bakgrunn og takseringsprinsipp

Gulen kommune har sidan 1997 hatt eigedomsskatt på verk og bruk, jf. Lov om eigedomsskatt i kommunane av 6. juni 1975.

Kommunestyret vedtok i K.sak 121/07 med heimel i eigedomsskattelova §§ 3 og 4 å utvide eigedomsskatten til å gjelde heile kommunen frå 1.januar 2009.

Takseringsprinsipp og retningslinjer

For bustader, fritidshus og tilhøyrande bygningar samt sjølve eigedomen skal det gjennomførast ei enkel taksering. Det er utarbeidd retningslinjer for arbeidet med takseringa.

Taksten vert rekna ut på grunnlag av faktaopplysingar eigedomen, samt ei vurdering av standard og andre forhold på og rundt eigedomen. Dette er faktorar som verkar inn på verdien av eigedomen. Faktaopplysingane er alder og storleik på bygg og eigedom (areal), desse vert henta frå offentlege register.

Det er bruksareal (BRA) etter NS 3490 som vert lagt til grunn for utrekninga av areal for bygget. Areala som er oppgjeve i dei offentlege registra vert kontrollert ved takseringa.

Der arealet av eigedomen (tomta) er ukjend, vil det bli lagt til grunn eit areal på 1 dekar

Takseringsprinsipp rammer og retningsliner for eigedomsskatt for eigedommar i Gulen kommune

Klage på eigedomsskatt

Eigedomsskattelistene vert lagt ut på heimesida og innbyggjarservice på kommunehuset i Eivindvik kvart år i februar/mars.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år.

Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Send klaga på e-post til postmottak@gulen.kommune.no 

Fritak eigedomsskatt

Søk om fritak ved å sende ei begrunning til Gulen kommune via: 

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Svindelforsøk eigedomsskatt

Kommunen har blitt kontakta av innbyggjarar som har motteke e-post frå ein avsendar som gjev seg ut for å vere Skatteetaten.
I e-postane står det at ein har ubetalt eigedomsskatt og at ein må trykke på ei lenke for å betale. Dette er svindelforsøk, og kommunen vil gjere innbyggjarane merksame på at eigedomsskatt vert fakturert frå kommunen og ikkje Skatteetaten.

Sjå meir informasjon om desse svindelforsøka på www.skatteetaten.no

 

Kontakt

Kontaktsenteret er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.


Sist oppdatert: 23.05.2022
Publisert: 16.11.2020