Skatteoppkrevjar

Frå 1. november 2020 tok Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har hatt tidlegare. Skatteetaten vil med dette få heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar i kommunen.

Oppgåvene som Skatteetaten tek over frå november er mellom anna handsaming av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskottstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattest og konto/saldoutskrift for skatt og avgift. 

Trykk her for å sjå meir informasjon på skattetaten.no


Sist oppdatert: 10.03.2021
Publisert: 20.10.2020