Etableringstilskot

Kommunestyret i Gulen ynskjer fleire unge busette i kommunen. Slike retningsliner skal gjelde for etableringstilskot i Gulen kommune frå 25.10.2012 (vedteke i K.sak 73/12, datert 25.10.2012 og seinast revidert i K.sak 95/21, datert 09.12.2021).
Frå 01.01.2020 er det ekstra tillegg dersom du bygger bustad utanfor kommunale byggefelt eller utanfor eit byggefelt /bustadområde der kommunen er inne med økonomiske bidrag knytt til infrastruktur som straum eller avløp.
Vedteke i K.sak 59/20, datert 03.09.2020 og seinast revidert i K.sak 95/21, datert 09.12.202,1 og presisert i F.sak 7/24, datert 25.01.2024.

Vilkår
  • Det kan etter søknad gjevast etableringstilskot til byggjing, kjøp og/eller restaurering av bustadhus i Gulen kommune. Dersom bustaden inneheld utleige-eining i tillegg til hovedbustad, kan det gjevast eit tilleggstilskot.
  • For å få tildelt tilskot, må søkjaren vere under 45 år den dagen ferdigattest/ godkjenning ligg føre, eller kjøpekontrakt er tinglyst.
  • Etableringstilskotet skal ikkje utgjere meir enn 10 % av byggekostnadane, og ikkje meir enn maksimalsatsen som kommunestyret har sett for budsjettåret. Ved endringar i tilskotssatsane er det utbetalingstidspunktet og ikkje tilsegnstidspunktet som er avgjerande for utmålinga av tilskotet.
  • Søknad må vere fremja innan 3 år etter etablering/ferdig restaurering
  • Det er eit krav for utbetaling av etableringstilskot at:
    • søkjaren er eigar av eigedommen (grunnboksheimel e.l.), og at
    • han har fast bupel i det (attest frå folkeregisteret).

Formannskapet kan i særskilte høve fråvike desse vilkåra:

  • Ved sal og/eller utflytting av bustaden før 1 år, kan kommunen krevje å få attendebetalt tilskotet i høve til den tida som er gått etter innflytting.
  • Rådmannen får delegert mynde til å gjere vedtak om tilskot. Klager skal avgjerast si kommunen si klagenemnd.
  • Godkjent etableringstilskot vert utbetalt når ferdigattest/mellombels bruksløyve ligg føre, ev. når restaureringskostnadene er dokumentert.
  • Tilskot vert ikkje tildelt personar som tidlegare har fått slikt tilskot som eigar, deleigar eller sambuar med tilskotsmottakar.
  • Det vert teke generelt atterhald om endringar i reglementet.
Aktuelle satsar

Maksimalsats for tilskot: kr 60 000,-
Tillegg for utleigeeining: kr 30 000,-
Tillegg dersom du bygger bustad utanfor kommunale byggefelt eller utanfor eit byggefelt/bustadområde der kommunen er inne med økonomiske bidrag knytt til infrastruktur som straum eller avløp: kr 120 000,-

Søknad sendast til 

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Dokumentasjon

Søknad om utbetaling må innehalde dokumentasjon på kjøp/kjøpssum eller byggjeløyve/byggjekostnader i tillegg til dokumentasjon som under punkt 4. Tilskot til utleigeeining må dokumenterast med godkjenning etter plan- og bygningslova.


Sist oppdatert: 08.03.2024
Publisert: 28.01.2021