Høyring av søknad om testing og påfølgjande drift av ein turbin i Sløvåg – Gulen kommune
Alle innspel skal sendast til NVE, meir informasjon om korleis du kan sende innspel finn du nedst artikkelen.
Alle innspela som NVE får vil bli sendt til Gulen kommune straks fristen er ute. Innspela vil bli teke med i vurderinga når kommunen skal gi uttale til NVE og vidare inn i vurderinga i samband med dei reguleringsmessige problemstillingane.
Søknaden
Georgine Wind AS søker i medhald av energilova § 3-1 for å bygge, eige, teste og deretter drive ein vindturbin. Vindturbinen er planlagt inne på eit industriområde i Sløvåg, tilhøyrande Wergeland Gruppa AS. Turbinen vil vere av typen GE Haliade X, med ein installert effekt på inntil 18 MW. Nav-/tårnhøgd vil vere 150 meter, og rotordiameteren vil vere 250 m. Høgste høgde vil vere 275 meter.
Meir informasjon om NVEs behandling av konsesjonssøknadar for vindkraft finn de her: Konsesjonsbehandling av vindkraftverk på land - NVE
Informasjon om Gulen kommune si behandling av søknad etter plan -og bygningslova
Det er kome nye reglar frå 01.07.2023 som seier at plan- og bygningslova gjeld for vindkraftverk på land. I eksisterande detaljreguleringsplan er det opna for vindturbinar med ein totalhøgde på inntil 150 meter. For at NVE skal kunne fatte eit konsesjonsvedtak, må det vere fatte eit vedtak etter plan- og bygningslova som opnar for ein større turbin enn dagens detaljregulering gjer moglegheit til.
Gulen kommune har derfor bede tiltakshavar om å søkje om reguleringsendring. Når framlegg til reguleringsendring er klart, vert det lagt ut på kommunen si heimeside for uttale. Gulen kommune vil og orientere om saksgangen og status for reguleringsendring i folkemøte. Det er same forskrift som gjeld for konsekvensutgreiinga etter energilova (NVE) og etter Plan- og bygningslova (kommunen), difor ber vi om at innspela til denne sendast NVE innan 1. mars 2024.
Invitasjon til offentleg møte 05.02.2024
NVE arrangerer offentleg møte om saka måndag 5. februar 2024. Møtet vil vere på Vidsyn Næringsbygg kl. 18:00. NVE vil orientere om behandling av søknaden etter energilova, Gulen kommune vil orientere om behandling av reguleringsendring etter plan- og bygningsloven, og tiltakshavar vil orientere om planane sine. Møtet er ope for alle.
Innspel
I samband med høyringa av søknad med konsekvensutgreiing ønsker NVE høyringsinnspel på følgande:
- Kva meiner de om Georgine Wind AS sine planar?
- Er konsekvensane godt nok utgreia?
- Forslag til justeringar av planane for å redusere eventuelle negative verknader av tiltaket
- Via skjema for innspel som de finn på ovannemnde nettstad til denne saka
- Via e-post til uttalelse@nve.no
Merk e-post med «Høringsuttalelse 202305929» i emnefeltet og oppgi namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga.
Frist for å sende høyringsinnspel til NVE er 1. mars 2024.