Musikk- og kulturskulen
På Gulen musikk- og kulturskule kan du lære å spele eit instrument, syngje, spele i korps eller gå på teikne og måleverkstad. Det er eit mål å gje elevane i musikk- og kulturskulen undervisning som er tilpassa deira interesse og føresetnader. Så langt det er mogeleg vert det lagt opp til undervisning i alle skulekrinsar, men i enkelte høve må ein rekne med at elevar må fraktast til andre skulekrinsar enn dei bur for undervisning. Det blir òg lagt opp til undervisning i SFO tida for dei små så langt det let seg gjere.
Målgruppe
Alle barn og unge i Gulen kan søkje på dei ulike tilboda i musikk og kulturskulen. Vaksne kan og søkje, men barn og unge vert prioriterte.
Musikk- og kulturskulen sel og dirigent / instruktørtenester til kor og korps. Sjå eigen info.
Faga våre
- Song/musikkleik
- Blokkfløytegruppe
- Messing / korpsinstrument
- Tangentinstrument
- Gitar
- Song
- Blokkfløyte
- Samspel / band
- Teikne- og måleverkstad
- Foto
- Dans
- Programmering & e-sport
Slik søkjer du
Trykk her for søknadsskjema til musikk- og kulturskulen.
Før du opnar søknadsskjemaet, kan du merkje deg at:
- Du må fylle ut søknadsskjemaet saman med ein føresett.
- Dei som har vore elevar dette skuleåret går automatisk vidare.
- Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai kvart år.
Søknaden skal sendast til
Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no
eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Kva kostar det?
Prisar
Per år | Kroner |
Enkeltelevar (kjerneprogram), barn/unge | 2 600,- |
Gruppetilbod (breiddeprogram), barn/unge | 1 100,- |
Enkeltelevar, vaksne |
3 100,- |
Korps og kor |
370,- (per time) |
Påmelding
Kan eg få fleire tilbod?
Ja, men det må betalast for alle tilboda.
Må eg ha instrument?
Det vert for det meste lagt opp til bruk av instrument elevane rår over sjølve. Når det gjeld tangentinstrument brukar me instrument som er på skulane til undervisning, men elevane Må disponere eit instrument for å få øve heime. Heimeøving er avgjerande for god utvikling.
Får eg fortsetje?
Dei som har vore elevar dette skuleåret, går automatisk vidare på same tilbod. Foreldre / føresette må melde ifrå på melding eller e-post dersom eleven vil endre tilbod eller dersom ho / han ikkje skal halde fram neste skuleår.
Utmelding
Utmelding for neste skuleår må gjerast skriftleg til rektor innan 1. mai.
Utmelding i skuleåret må gjerast skriftleg innan 1.desember. Elles må det betalast for neste halvår.
Refusjon
Du kan søkje om, og har krav på, refusjon dersom kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn tre undervisningsdagar per skuleår.
Tap av elevplass
Kulturskulen kan seie opp elevplassen dersom eleven:
- Viser åtferd som er til hinder for undervisinga.
- Ved manglande innbetaling av eigenandel.
Reglement
- Vi følgjer skuleruta for grunnskulen slik at når grunnskulen har fridagar, så har musikk- og kulturskulen det og.
- Fråvær frå ein undervisningstime, skal meldast til lærar på førehand i så god tid som mogeleg dersom eleven av ein eller annan grunn ikkje kan komme til timen. (Melding til lærar er ok).
- Er ein elev borte frå ein time, har han ikkje krav på å få denne igjen. Det kan gjerast avtalar med lærar dersom det passar for lærar.
Vil nokon gå på musikk- og kulturskulen på meir enn eit tilbod, kan det søkjast om, men då må det betalast for kvart tilbod.
Kontaktinformasjon
Inger Marie Håheim Tynning
Leiar musikk- og kulturskulen
928 94 188
imht@gulen.kommune.no
Rammeplan for kulturskulen
Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.