Skuleadministrativt system - Visma Flyt skole
Føresett-appen Min Skole
Gulen kommune har innført Visma Flyt Skole sin føresett-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.
Alle meldingar som sendast mellom skulen og føresette via føresett-appen Min Skole, loggførast på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole.
NB - ikkje send sensitiv informasjon (som detaljar om sjukdom eller mistrivsel) i føresett-appen, og heller ikkje på sms eller e-post til skulen.
Les meir om korleis du lastar ned føresett-appen Min Skole og korleis du bruker appen her:
Visma si brukarrettleiing til føresette om App'en
Webversjonen av Visma Flyt Skole
Som føresett kan du logge på webversjonen av Visma Flyt skole med
ID-porten.
I webversjonen kan du blant anna:
- Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
- Gje samtykker
- Søke permisjon
- Følge med på fråvær som er ført på eleven.
Fråvær og merknader kan du også sjå i føresett-appen. - Søke, sei opp eller endre SFO-plass
- Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
- Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har.
Dersom du har problem med tilgang tar du kontakt med skulen.
Sist oppdatert:
27.05.2022
Publisert:
23.11.2021