HeimSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO) er eit tilbod til:

  • elevar i 1.-4. klasse
  • barn med særlege behov i 1.-7. klasse

Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Gulen kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til SFO er 1. april.

Slik søkjer du

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO.

Kva kostar det?

Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter.

Prisar på SFO-plass
  Kroner
Heil plass (Over 8,5 t per veke) 2 350,- per månad
Halv plass (Frå 2 t, til og med 8,5 timar pr. veke) 1 175,- per månad
Heil plass (15 timar per veke eller meir) 3 289,- per månad
Til og med 2 timar pr. veke 460,- per månad
Søskenmoderasjon 30% barn nummer 2
50% barn nummer 3 eller fleire
Tillegg  
Matpengar 85,- per månad
Kjøp av enkeltmåltid 25,- per måltid
Kjøp av enkeltdagar 300,-
Kjøp av tilfeldige timar 90,- per time

Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månader pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.

Redusert foreldrebetaling

Frå 1. august 2020 er det i forskrift til opplæringslova vedtatt ei ny moderasjonsordning om redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO).
Ordninga gjeldt for elevar på 1. og 2. årstrinn. Dei som får innvilga søknad får kostnadar til SFO frå august refundert.

Ordninga gjeld frå 1. august. Søknader som kjem inn før 1. november får tilbakeverkande kraft frå 1. august eller frå dato eleven byrja i SFO hausten 2020.

Trykk her for å søkje

Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no

Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Slik seier du opp plassen

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO

Det er ein månads oppseiingstid.

Om tilbodet

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.

SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule, gi dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter
Vedtektene våre

Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Gulen kommune

Kva seier lova?

Kontakt:

Kontaktinformasjon til skulane


Sist oppdatert: 16.03.2021
Publisert: 20.10.2020