Telefonvarsling

Skjer det noko i nabolaget ditt eller i området der du driv næring, ønskjer vi å nå deg på ein rask og enkel måte. For å gjere dette nyttar kommunen varslingstenesta "Varsling24", som sender ein tekstmelding til mobilen din eller les opp ei melding på fasttelefonen din.

For å sikre at vi når deg, er det viktig at du sjekkar kva nummer du står oppført med i den såkalla «varslingstenesta». Oppskrifta finn du nedst i denne artikkelen.

Vi varslar til dømes når vi må:

  • Stenge vatnet ditt
  • Varsle eit kokepåbod
  • Sperre ein veg i nabolaget ditt

Vi brukar også varslingstenesta om det skjer ei krise, som rammar område i kommunen vår.

Korleis verkar det?

Når du tar telefonen, får du opplest ei melding. Meldinga er lest inn på førehand. På slutten av meldinga får du beskjed om å taste:

Vi kan sjå kven som har stadfesta at dei har oppfatta meldinga. Er det nødvendig, kan vi oppsøke dei husstandane der vi er usikre på om folk har oppfatta informasjonen.

Mottar du meldinga på sms, er det inga system for stadfesting.

Kvifor varslar vi på denne måten?

Vi har tatt i bruk dette systemet, for å gi best mogleg service. Ei annonse i avisa eller ei melding på heimesida eller facebook når ikkje alltid alle. Dessutan kan det skje akutte hendingar, som gjer at vi ikkje rekkjer å informere på vanleg måte.

I tillegg til telefonvarsling, vil vi også bruke heimesida og facebooksida til kommunen.

Får du ikkje telefonvarsling?

Kommunar i heile Norge nyttar "Varsling24" for utsending av meldingar til innbyggjare via SMS, e-post og telefonoppringing. I nokon tilfeller kjem ikkje varslinga ut til alle berørte. Det kan være fordi:

  • Dine kontaktdata er feil.
  • Du har nylig flytta eller bu midlertidig på ei anna adresse.
  • Du har hemmeleg nummer.
  • Du har tilknytning til ei anna adresse der du ikkje bur.
Slik sikrar du at aktuelle meldingar kjem til deg

Varsling24 nyttar to ulike registre for å nå privatpersonar. Kontroller om du allereie er registrert på linkane under.

  • www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefala vi å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse.
  • www.varslemeg.no. Dette er eit tilleggsregister som kan nyttast dersom ein ynskjer varsel frå andre adresser enn registrert bustadadresse. 

Sist oppdatert: 17.03.2021
Publisert: 20.10.2020