Kjenner du nokon som gjer noko av fylgjande?
- Gløymer nylege hendingar
- Gjentek historier
- Forvirring i forhold til tid og stad
- Problem med å kjenne att folk
- Gløymer innlærte ferdigheiter
- Har fått forsterka personlegdomstrekk
- Svekka dømmekraft
- Problem med å klare seg sjølv i kvardagen
Kvifor er demensutredning viktig?
- Utelukka andre sjukdommar som har demensliknande symptom
- Vurdering av medisinar
- Legge til rette heimesituasjonen for personar med demens og pårørande
- Sette i gang tiltak til rett tid
Hukommelsesteamet kan tilby
- Samtale med pasient og pårørande i ein kartlegging - og utredningssamtale
- Kartlegging av behov for hjelp
- Hjelpemidlar som støttar hukommelse, og bidreg til auka tryggleik
- Oppfølging av pasient og pårørande
- Initiativ til å starte individuell plan
- Rettleiing til pårørande og helsepersonell
- Formidle kontakt til aktuelle samarbeidspartar i Gulen kommune.
- Ein del tilbod må søkast på, og vurderast av Tiltaksnemnda.
Gulen kommune kan tilby
- Tiltakspakke Demens:
Ein person frå heimesjukepleia, med fagkunnskap om Demens kjem på heimebesøk 1 gang i månaden, snakkar med personen og observerer korleis vedkommande har det. (Gratis). - Aktivitetstilbod ved bu - og omsorgssentra, med aktivitør:
Måndag i Brekke, 10.00 – 12.30
Tysdag på Byrknes, 10.00 – 12.30
Onsdag på Dalsøyra, 10.00 – 12.30
Torsdag i Eivindvik, 10.00 – 13.00
(Må søke om og er gratis). - Dagtilbod ved dementavdelinga på Gulen Sjukeheim:
Personen vert køyrd til Dementavdelinga ved Gulen Sjukeheim, og deltek på aktivitetar og måltid der. Vert køyrd heim om ettermiddagen. (Må søke om). - Dagsenter på Gamlestova på Gulen Sjukeheim:
Dagsenteret er for heimebuande personar med kognitiv svikt og er ope måndag og torsdag kl 10.00 – 15.00. Der er to aktivitørar. Personen et lunsj og middag der. Brukarane vert henta og køyrt heim av aktivitørane. Det er avgrensa tal plassar. (Må søke om og betale for maten). - Sjukepleiefagleg oppfølging ved Hukommelsesteam:
Person og pårørande får jamnleg oppfølging av ein frå Hukommelsesteamet ved behov. (Må søke om og er gratis). - Praktisk bistand:
Personen får hjelp frå heimesjukepleia til praktiske ting i heimen. (Tidlegare kalla heimehjelp) (Må søke om og betale for). - Støttekontakt:
Ein støttekontakt kjem heim til ein person og utfører ulike aktivitetar saman med vedkommande. Person og støttekontakt vert einige om aktivitet og tidspunkt. (Må søke om og er gratis). - Omsorgsløn:
Ein pårørande med mykje belastande omsorg i heimen kan få assistentløn. (Må søke om). - Heimesjukepleie:
Heimesjukepleia kjem heim til ein person som treng hjelp til stell, medisin, mat, sårstell, injeksjonar eller anna. (Må søke om og er gratis). Eige kartleggingsteam kjem heim til personen i forkant og avtalar tiltak ein kan søke om. - GPS:
Eit «sporingssystem» kan brukast til hjelp for ein person som ikkje finn vegen heim. Personen får på seg ein sendar, slik at vedkommande kan gå fritt der han/ho vil. Dersom personen ikkje kjem att til avtalt tid kan personale eller pårørande lett finne ut kvar vedkommande er og gje hjelp om naudsynt. (Må søke om og er førebels gratis). - Avlastningsplass:
Dersom pårørande treng avlasting grunna belastande omsorgsutøving kan personen få korttidsplass på eit omsorgssenter eller sjukeheimen. (Må søke om og er gratis). - Korttidsplass:
Dersom ein person treng rehabilitering, observasjon, behandling eller liknande for ein kortare periode, kan vedkommande få eit korttidsopphold på eit omsorgssenter eller sjukeheim. (Må søke om og betale for). - Omsorgsbustad:Dersom ein person ikkje kan bu heime eller åleine lenger kan vedkommande få leige ein omsorgsbustad i Brekke, Byrknes, Dalsøyra eller Eivindvik. (Må søke om og betale for).
- Langtidsplass på Gulen Sjukeheim:Dersom ein person treng så mykje pleie og omsorg at vedkommande ikkje kan bu heime lenger kan han/ho få plass (einerom) på Gulen Sjukeheim som ligg i Eivindvik. (Må søke om og betale for).
Kven kan ta kontakt med oss?
- Enkeltpersonar, pårørande og venner kan ta uforplikta kontakt
- Helsepersonell i kommunen
- Fastlegar
Ta kontakt
Viss du ynskjer å komme i kontakt med Hukommelsesteamet i Gulen kommune kan du ringe frå måndag til fredag mellom klokka 12.00 og 16.00.
Hukommelsesteamet består av
- Sjukepleiar Synnøve B. Giil, mobil 911 04 188
- Sjukepleiar Brita Eidnes, mobil 901 49 284
- og fastlegen til den aktuelle personen
Søknadsskjema
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:
- Gulen kommune
Ved Tiltaksnemnda for helse- og omsorgstenester
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik