HeimNyheiterBadeplassundersøking sommar 2024

Badeplassundersøking sommar 2024

Kontrollen er gjort ved å ta prøver for tarmbakteriar (E.coli og intestinale enterokokkar), for å undersøkje om det er tilførsel av «fersk avføring» som kan kome av t.d kloakk. For åtte av badeplassane er det ikkje funne bakteriar som kan tyde på utslepp frå kloakk eller liknande. Vasskvaliteten er utmerkt ved alle desse badeplassane. Den niande badeplassen, Tausevika, Byrknes, er måleverdiane usikre grunna mykje nedbør, og det vil derfor verte teke nye prøver 3.6.24.

Les meir om resultat av prøvetaking Resultat ved badeplassar i Nordhordland og Gulen sommar 2024 (pdf).


Sist oppdatert: 04.06.2024
Publisert: 04.06.2024