Nyheiter
Klimaprosjektet "Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket" har fått si eige nettsida
Målgruppa for nettsida er bonden og heter Klimavest.
Nettsida er tenkt som ein portal der det skal samlast all informasjon om klimaarbeidet retta mot bonden.
På sida finn ein nyheiter knytt til klimaarbeidet, nyheiter frå landbrukets organisasjonar, rådgjevingstilbod, tilskotsordningar, med meir.
Samstundes vert det oppretta ei Facebookside, som i hovudsak vil linke til nettsida. Denne heiter òg KlimaVest.
Gulatingslova kjem til Noreg
Les meir om denne nyheiten i pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.
Dagleg leiar for Tusenårsstaden Gulatinget, Anne Hopland kommenterer:
"Dette er heilt fantastisk! Det har vore eit ønskje i mange år å få Gulatingsloven (Rantzauboka) til Noreg att for utstilling og formidling. At ein endelig har lukkast er ein fantastisk moglegheit for å formidle det som var starten på norsk statsdanning, framveksten av rettssamfunnet og etableringa av det norske forsvaret. Takk til Det Kongelige Biblioteket i København, Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, og andre som har bidrege til at Gulatingsloven no kjem til Noreg!"