Førehandsrøysting 10. august – 8. september
Torsdag 7. september kan du førehandsrøyste på kommunehuset fram til 18.00.
I tillegg er det mogleg å førehandsrøyste i krinsane og på institusjonane. Førehandsrøystinga er open for alle, og føregår desse dagane:
Stad | Dato | Tid |
Gulen sjukeheim | 1. september | kl. 11:00 - 13:00 |
Vidsyn, Sløvåg | 1. september | kl. 12:00 - 19:00 |
Byrknes bu- og omsorgssenter | 2. september | kl. 11:00 - 14:00 |
Dalsøyra bu- og omsorgssenter | 2. september | kl. 11:00 - 14:00 |
Brekke bu- og omsorgssenter | 2. september | kl. 11:00 - 14:00 |
Eivindvik bu- og omsorgssenter | 2. september | kl. 11:00 - 14:00 |
Legitimasjon
Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Det er ikkje nok å oppgje namn og fødselsdato. Legitimasjonen kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namnet på veljaren, fødselsdato og bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon, som til dømes sjukeheim , kan du få ein tilsett ved institusjonen til å bekrefte identiteten din.
Valkort
Alle som har rett til å røyste skal få tilsendt valkort. Kortet bør takast med når du skal røyste då dette lettar arbeidet for valfunksjonærane, samstundes som det vil gå raskare for deg å røyste.
Valkortet vert sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege, får du valkortet ditt tilsendt på papir.
Har du ikkje motteke valkortet, eller har mista eller gløymt det, får du likevel røyste.
Heimerøysting
Dersom du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i Gulen kommune om å få røyste heime eller der du held til.
Ved heimerøysting kjem to valmedarbeidarar frå kommunen heim til veljar, som ikkje har høve til å komme seg til eit røystelokale. Valmedarbeidarane har med eit "minirøystelokale", med røystesetlar, valurne og alt anna som trengs. Dei som røyster heime må hugse å ha legitimasjon tilgjengeleg.
Du kan søkje om å førehandsrøyste heime/på opphaldsstaden til og med onsdag 6. september ved å ta kontakt på telefon 57 78 20 00.
For meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet trykk her