HeimNyheiterKrossen i Krossteigen

Krossen i Krossteigen

I løpet av vinteren planlegg vi å behandle krossen for mose og lav som dekkjer krossen, i førebuinga til 2024 der Gulatinget og Gulen kommune er ei hovudsatsing i Nasjonaljubileet – Norge i tusen år. Gulatinget er også del av 750 markeringa for Magnus Lagabøte sin Landslov av 1274.
Publisert: 05.12.2023
Sist endra: 05.12.2023

For å fjerne mose og lav på mest mogleg skånsam og effektiv måte, har Bergen Museum, seksjon for ytre kulturminner tilrådd å kle krossen inn med svart plast nokre månader i den mørkaste tiden på året. Dette drep mose og lav som er avhengig av lys, og er ein metode som vert brukt på m.a. helleristningsfelt.

Krossen i Krossteigen er eit automatisk freda kulturminne, omfatta av Lov om kulturminner § 4. Lova legg føringar for all aktivitet nær kulturminner som kan vere eigna til å skade kulturminnet.
Aktivitet nær krossen som kan skade kulturminnet vil medfører straffeansvar med fengsel eller bøter dersom skade oppstår.

Freda kulturminner er vidare omgitt av ei sikringssone jfr § 6. Krossteigen er ein del av sikringssona for krossen og all ferdsel/aktivitet i denne sona skal skje med aktsemd.

Skade på automatisk freda kulturminner medfører straffeansvar. Riksantikvaren har det overordna ansvaret for freda kulturminner.

Bilde frå synfaring i 2006. Berit Gjerland til høgre. Representant frå Bergen Museum, Seksjon for ytre kulturminner til venstre.