HeimNyheiterDeler av Gulen er utan mobildekning- feil retta

Deler av Gulen er utan mobildekning- feil retta

Oppdatering: Mobildekninga kom attende 3. januar kl 1715.
Publisert: 02.01.2024
Sist endra: 04.01.2024

Brot på ein sjøkabel gjer at deler av Gulen er utan mobildekning. Det er førebels ukjent når feilen vert retta.

Desse områda er berørte

  • Redusert til inga dekning i områder rundt Sognefjorden mellom Kyrkjebø og Breidvika.
  • Ferjeleiet mellom Lavik og Oppedal er utan dekning på begge sider.

Kva kan den enkelte gjere

  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringe nødnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning.
  • Dersom ein har trådlaust breidband har dei fleste moglegheit til å ringe med WIFI tale
  • Bevege seg til eit område som har mobildekning