HeimNyheiterBUA Gulen - Kva utstyr skal vi kjøpe inn?

BUA Gulen - Kva utstyr skal vi kjøpe inn?

BUA Gulen er avhengig av økonomisk støtte for å kunne kjøpe inn fritidsutstyr til utstyrsentralen. Vi har søkt bl.a Bufdir - Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Sparebankstiftinga og hjå det lokale næringslivet.

I år var vi heldig å få tilsagn på midlar hjå fleire aktørar;

Frå Bufdir fekk vi tilskot til å gjennomføre aktivitetsveka for born og unge i sommarferien og til innkjøp av BUA utstyr.

Vi var og fått pengegåve frå ei av våre lokale bedrifter  "Gulen Blikk" på 
kroner 10 000. Med denne pengegåva har BUA Gulen kjøpt inn 3 og 4 camp telt, tarp, kjølebag, stormkjøkken m.m.
Tusen takk for pengegåva.

BUA Gulen har igjen vore heldig og fått 60.000 frå Sparebankstiftinga.

No vil Bua Gulen ha ditt forslag til kva vi kan kjøpe inn av fritidsutstyr.
Del det gjerne med nokon du veit kan ha gode idear for fritidsutstyr og aktivitet.
Send gjerne forslag til telefon: 90 10 41 39🙂

 

Bilde


Sist oppdatert: 09.09.2022
Publisert: 09.09.2022