Foto- og teiknekonkurranse
Vi ynskjer at våre born og unge engasjerer seg i korleis kommunen skal utvikle seg. Når kommunen publiserer fireårig plan, for korleis kommunen legg opp arbeidet for god trivsel blant våre born og unge, hadde det vore fint om bileta og illustrasjonane i planen kom frå målgruppa. Auka fokus på klima og miljø handlar om å ta vare på dei framtidige generasjonane, og vi ynskjer å utfordre born og unge til å lage illustrasjonar som understrekar kor viktig det er å ta vare på kloden vår.
Foto
Gulen kommune er i gong med ein plan for det førebyggjande arbeidet i kommunen. Planen skal synleggjere tilbodet i kommunen for born og unge i alderen 0 – 24 år og familiane deira. Vi ynskjer bilete av born og unge i aktivitet, som illustrerer kvardagen til born og unge i kommunen.
Teikning
Kommunen jobbar med plan for miljø og klima. Vi ynskjer teikningar som kan nyttast i planen, som illustrerer miljø, klima og berekraft.
Bidrag til planane kan sendast til fotokonkurranse@gulen.kommune.no. Hugs namn, adresse, telefonnummer og stad der biletet er tatt.
- Bileta må vere i jpg-format og med høg oppløysing då bileta skal brukast i fleire format.
- Du kan bidra med så mange bilete du ynskjer.
- Du kan berre bidra med bilete du sjølv har tatt.
- Naudsynte personopplysningar blir handsama for å administrere konkurransen. Når konkurransen er avslutta og vinnarane er kåra, blir alle data sletta. Det blir inngått avtale med vinnarane vedk. bruk av bileta i planen. Her blir opphavs- og fotorett sikra. Personar som deltek på bilete, må ha samtykka til bruk av bilete.
- Det er berre vinnarbileta som blir publisert.
- Bilete levert etter konkurransen er avslutta blir ikkje vurdert.
Har du spørsmål om fotokonkurransen, ta kontakt med
Halvor Elde på e-post: halvor.elde@gulen.kommune.no.
Bidrag som vert brukt i planarbeidet vert premiert.
Frist for fotokonkurransen er 01.10.2022
Frist for teiknekonkurransen er 05.08.2022