HeimNyheiterSommar- og ferieaktivitetar i Gulen 2022

Sommar- og ferieaktivitetar i Gulen 2022

Regi for arrangementa er fordelt mellom alt frå frivillige lag og organisasjonar, einskilde eldsjeler, kyrkja, næringsaktørar og til kommunen. Vi kan nemne dømer som konsertar, fellesturar i fjellet, museumsomvising, Sommarfestivalar, standup, omvisingar Tusenårsstaden, felles padleturar, konkurransemessige idrettsarrangement og aktivitetsveke for barn og unge veke 25.

Det er først når innbyggarane og besøkande får kjennskap til arrangementa, gjennom eit totalt bilete over kva som skjer i kommunen, at dei vil kunne velje ut aktivitetar som passa. Difor er det, gjennom våre kommunikasjonskanalar, sendt ut oppfordringar om at alle sender informasjon til kommunen om små og store arrangement og aktivitetar.   

Dei innspela som er sendt inn er publisert på aktivitetskalenderen til kommunen. Vi håpat det er fleire som vil sende inn informasjon om aktivitetar og/eller arrangement.  

Aktivitetskalenderen er open for alle, og her kan alle legge inn arrangement og aktivitetar som skjer i Gulen.  

Trykk her for å gå til aktivitetskalenderen

 

Korleis legge inn aktivitet i kalenderen?

For å opprette ein ny aktivitet i kalenderen, trykk på «Opprett arrangement». Du får no opp ei ny side der du kan logge deg inn med e-post eller SMS, og få tilsendt ein kode for verifisering. Når koden er lagt inn kjem du til ei side der du legge inn informasjon om arrangementet.
Fyll ut:

  • Namn på arrangementet
  • Ingress – Kort innleiing om arrangementet
  • Beskrivelse av arrangementet
  • Nettside: Her kan du legg inn lenke til ei nettside/facebook-side der det står informasjon om arrangementet
  • Kategorier: du kan velje om du vil hake av for type arrangement
  • Stad: du legge inn postnummer for arrangementet. Utan postnummer vert ikkje arrangementet publisert.
  • Tidspunkt: Legg inn tidspunkt for arrangementet
  • Legg gjerne inn kontaktperson
  • Fyll evt inn andre felt
  • Trykk publiser når du har fått lagt inn alle informasjonen

 

Treng du hjelp til å legge inn arrangementet i kalenderen så kan du sende informasjon til postmottak@gulen.kommune.no så hjelpe vi deg gjerne med å legge det inn.  

Ynskjer du informasjon om lag og organisasjonar og fritidsaktivitetar finn du meir om dette i Foreningsportalenhttps://gulen.foreningsportal.no/kalender  

Foto

 

 


Sist oppdatert: 20.06.2022
Publisert: 20.06.2022